Landbruksforvaltning

Her blir det lagt ut informasjon som er retta mot kommunal landbruksforvaltning.


Publisert 12.04.2013

"Land og bruk" nummer 2 - 2013

I dette nummeret av Land og bruk er det mellom anna informasjon om heilskapleg tenking i jordlovsaker, reglar for beitesamarbeid og kvoteordninga for mjølk og vinterskade på eng. Last ned Land og bruk nummer 2 - 2013 (PDF-format).


Publisert 04.04.2013

Anbefaler tidsavgrensa dispensasjon for gardsvindmøller

Ei gardsvindmølle vil i ein god del område kome i konflikt med andre viktige samfunnsinteresser - på kort eller lang sikt. Eit anlegg som kan etablerast med rimeleg låg konfliktgrad i dag, kan oppfattast heilt annleis om 25 eller 50 år. Fylkesmannen er derfor av den klare oppfatning at kommunane kan krevje dispensasjonsbehandling av gardsvindkraftanlegg.


Publisert 03.04.2013

Får ikkje plante juletre på matjord på Karmøy

Statens landbruksforvaltning har i brev av 22.03.2013 stadfesta Fylkesmannen sitt overprøvingsvedtak, fordi det er vurdert til å vere i strid med jordlova å plante juletre på dyrka jord. Saka gjeld omdisponering av 50 dekar jordbruksareal til juletreproduksjon i Karmøy kommune.


Publisert 20.03.2013

Spreiing av husdyrgjødsel våren 2013

Vent med spreiing av husdyrgjødsel til frosten og tela har gått.


Publisert 14.03.2013

Høyringsuttale til forslag om endringar i odelslova

Departementet foreslår innskrenkingar i odelskretsen, og oppheving av odelsfrigjering ved overtaking av tilleggsjord til landbrukseigedom. Fylkesmannen støtter forslaget om endringar i odelskretsen, men ikkje endringar i reglane om odelsfrigjering.


Publisert 19.02.2013

Auka fokus på bruk av avkorting

Oppføring av feil i søknad om avløysar- og produksjonstilskot kan resultere i avkorting av tilskotet. Som søkjar er det viktig å vere klar over kva slags konsekvensar feilføring kan få. For tilsette i kommunen er det viktig å kjenne til korleis slike feil skal følgjast opp. Denne artikkelen seier meir om dette.


Publisert 14.02.2013

"Land og bruk" nummer 1 - 2013

I dette nummeret av Land og bruk finn du mellom anna informasjon om tilskot til grøftetiltak, tilskot til klima- og miljøtiltak og meldeplikt etter naturmangfaldlova. Last ned Land og bruk nummer 1 - 2013 (PDF-fil).


Publisert 31.01.2013

Om tilskot til drenering i 2013

I 2013 fekk Rogaland løyvd kr 5,1 millionar øyremerka til grøftetiltak på dyrka jord. Det vil ta tid før forskrifta om ordninga er klar og vedteken nasjonalt. Interessa for ordninga er stor i næringa. Dette gir håp om mykje aktivitet i 2013.


Publisert 25.01.2013

Store endringar i kommunal behandling av mindre vindkraftsaker

Olje- og energidepartementet foreslår fråfall av konsesjonsbehandling for mindre vindkraftanlegg i sitt forslag til endring av energilov med forskrift. Blir forslaget vedteke skal anlegg på inntil to vindmøller, med ein total effekt under 500 kW og ei høgde på i inntil 100 meter, behandlast av kommunane. Fylkesmannen er for endringane, med nokre justeringar, om det kjem klare retningsliner for den kommunale saksbehandlinga.


Publisert 03.01.2013

Plantehelseregelverket og flytting av jord

Mattilsynet har sendt brev til kommuane i Rogaland for å informere om regelverket som gjeld dersom matjord skal flyttast. Målet er å hindre at planteskadegjerarar blir spreidd i samband med flytting av jord.