Miljøtiltak


Publisert 15.11.2014

Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL)

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er eit tverrfagleg felles nasjonalt prosjekt mellom landbruks- og klima- og miljøforvaltninga. 22 område frå heile landet er vald ut. Rogaland sine utvalde kulturlandskap er tre område på Rennesøy.


Publisert 06.08.2014

No kan du søkje miljøtilskot elektronisk

Frå 1. august kan du levere søknad om regionalt miljøtilskot elektronisk. Det gjer du på Altinn. Søkte du i fjor vil du få spørsmål om å gjenbruke kartteikningane. I år blir det dermed enklare å søkje elektronisk.


Publisert 23.06.2014

Søk om regionalt miljøtilskot i 2014

Søknadsmateriell for søknad om tilskot frå Regionalt miljøprogram i 2014 er no klart. Merk at det i år ikkje vil bli sendt ut papirsøknadar.


Publisert 29.04.2014

Hugs årleg gjødslingsplan

Ein god gjødslingsplan er eit godt reiskap både for å spare gjødselutgifter og for å hindre tap av næringsstoff til vassdraga. Vi minner om at det er krav om at gjødslingsplanen skal vere årleg. Dette gjeld sjølv om du driv med einsidig grasproduksjon.


Publisert 05.02.2014

Utlysing av regionale midlar til klima- og miljøtiltak

I år har Fylkesmannen i Rogaland 450 000 kr til å støtte prosjekt som kan bidra til å løyse våre regionale klima- og miljøutfordringar knytt til jordbruket. Frist for å søkje er 15. mars.


Publisert 05.02.2014

Siloslått - lagringsmåtar og hantering av pressaft

Norsk landbruksrådgiving Rogaland har med støtte frå klima- og miljøtiltaksmildlar utarbeida ein rapport som viser ulike løysningar for lagring av surfôr, og tiltak  for å unngå tap av pressaft.


Publisert 24.01.2014

Korleis betre nytte utmarksbeita?

Prosjektet "Levande lynghei" inviterar bønder i Dalane til informasjonsmøte om bruk av utmarksbeite og kystlynghei.


Publisert 25.11.2013

På tur med Jæren vannområde til Danmark

September 2013 reiste bønder og tilsette i landbruks- og miljøforvaltninga på Jæren til Danmark for å lære om korleis danskane arbeider for å betre vasskvaliteten. Her kan du lese referat frå turen.


Publisert 21.11.2013

Felles satsing for reinare vassdrag på Jæren

Eit samla Jæren går inn for at ”Olav og Olaf” skal halde fram arbeidet med frivillige jordbrukstiltak for å betre vasskvaliteten. I eit av Noregs mest intensive jordbruksområde er næringsavrenning til vassdraga eit stort problem.


Publisert 27.09.2013

Hjelp til å søkje miljøtilskot

Frist for å søkje miljøtilskot frå Regionalt miljøprogram i Rogaland er 1. oktober. Statens landbruksforvaltning tilbyr hjelp til innsending av elektronisk søknad måndag 30. september og tysdag 1. oktober