Miljøtiltak
Opent møte om Hålandsvatnet
Statsforvaltaren i Rogaland inviterer til opent møte om Hålandsvatnet 2. juni kl 17.30 – 19.00. På møtet presenterer forskarar frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norwegian Research Centre (NORCE) ein ny rapport om tilførsler av næringsstoff og behov for avslasting.
Publisert 13.05.2022
Vil du jobbe med berekraftig jordbruk – bli med på laget!
Vi er ute etter ein som kan jordbruksfaget, og som er opptatt av miljø. Nysgjerrig? Sjekk ut stillingsannonsa vår! Vi søker etter relevant kompetanse om jordkultur og ressursforvalting, samstundes er det viktig kven du er som person.
Publisert 29.04.2022
Korleis legga til rette for ville pollinerande insekt?
Organisasjonen La Humla Suse har laga ein fin rettleiar med skjøtselråd og tips til tilrettelegging slik at eit mangfold av insekt kan trivast i eit moderne jordbrukslandskap.
Publisert 23.03.2022
Kven er Rogaland sin kandidat til Nasjonal kulturlandskapspris 2022?
Veit du om nokon som gjer ein ekstra innsats for å bevare og syngleggjere kulturlandskapet? Send dine forslag til Statsforvaltaren før 22. april.
Publisert 31.01.2022
Jordhelse - et samfunnsoppdrag?
Europakommisjonen har gitt fem områder status som samfunnsoppdrag. Gjennom målrettet arbeid, forskning og innovasjon skal disse få et løft, jordhelse er et av dem.
Publisert 09.12.2021
11 grøne millionar til miljøtiltak for Rogalandbruket 2021
Kommunane i Rogaland har løyvd 11 millionar kroner til Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) i 2021, fordelt på 256 søknader. Desse midlane har gått til tiltak for kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne, friluftsliv, fjerning av piggtråd og reduksjon av ureining i luft og vatn.
Publisert 07.07.2021
Landbruksdirektoratet lyser ut 17,2 mill. kroner til klima- og miljøprosjekt
Organisasjonar, forskingsinstitutt og føretak kan innan 15. september søke Landbruksdirektoratet om støtte frå Klima- og miljøprogrammet i landbruket.
Publisert 01.07.2021
Styrker satsinga på gjødsellager
Auka tilskotssats og heving av øvre grense for tilskot, er to av grepa staten har gjort for å stimulere til bygging av fleire gjødsellager. Det er gode nyhende for husdyrfylket Rogaland.
Publisert 01.07.2021
Regionalt miljøtilskot 2021
I 2021 har Rogaland 45,7 millionar kroner til jordbruksføretak som gjer miljøtiltak på si driftseining. I år kan alle bønder i Rogaland søke tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing, og det er innført tilskot til klimarådgiving.
Publisert 22.06.2021
Vil halde fram med Frivillige tiltak i landbruket
Sidan 2004 har kommunane på Jæren samarbeidd om å motivere bønder til felles innsats for Jærvassdraga gjennom prosjektet Frivillige tiltak i landbruket. No er eigarkommunane bedne om å gjere prosjektet om til faste stillingar.
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78 -
Else Fredheim Hodne
Tlf: 51 56 89 77 -
Karen Beate Grimstad
Tlf: 51 56 89 40 -
Margit Reiersen
Tlf: 51 56 87 76 -
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66 -
Hedda Haugland
Tlf: 51 56 88 13 -
Tonje Rostad Solhus
Tlf: 51 56 88 25
Lenkjer
Dokument
- Søknad om spreiing av plantevernmiddel i kantsone og på åkerholmar
- Søknad om spreiing av plantevernmiddel i utmark
- Søknad om spreiing av plantevernmiddel frå luftfartøy
- Melding om spreiing av plantevernmiddel i utmark
- Søknad om godkjenning av fleirårig gjødslingsplan
- Rundskriv 17-2003: Retningslinjer til forskrift om gjødslingsplanlegging (pdf)