Statsforvaltaren i Rogaland
English Norsk (bokmål) Davvisámegiella Åarjelsaemiengiele
  • Statsforvaltaren i
    Statsforvaltaren.no
    Agder
    Innlandet
    Møre og Romsdal
    Nordland
    Rogaland
    Troms og Finnmark
    Trøndelag
    Vestfold og Telemark
    Vestland
    Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus
  • Postjournal
  • Presserom
  • Tilsette
  • Om oss
    Om oss
    Kontakt oss
    Oppgåver og ansvar
    Historikk
    Tilsette
    Organisasjonskart
    Avdelingar
    Presserom
    Postjournal
    Språk i regionale statsetatar i Rogaland
    Statsforvaltaren og fylkeskommunen
    Personvernerklæring
    Strategisk satsingsområde: Beredskap
    Jobb hos oss?
  • Kontakt oss
  • Jobb hos oss?
  1. Rogaland
  2. Landbruk og mat
  3. Nytt om Landbruk og mat

Nytt om Landbruk og mat

Skogserien: Gjer det lønnsamt å hogge skog

Når gode råd er dyre, spør ein skogbrukssjef! I ein serie artiklar frå Bondevennen skriv personar som jobber med skog i Rogaland om lønnsemd og gode tiltak i skogen. Første artikkel handlar om kva som er rett tidspunkt for hogst, og kor du bør søke råd.

13.12.2017

Kommunane bør legge meir vekt på jordvern ved byggesaksbehandling av landbruksbygg

Landbruksnæringa bygg sjølv ned jordbruksjord, i Rogaland stod næringa aleine for 26% av nedbygginga mellom 2004 og 2015. I mange tilfelle finst det ikkje gode alternativ til bygging på dyrka mark i samband med oppføring av driftsbygningar. Kommunane bør likevel legge større vekt på jordvern i handtering av byggesaker som gjeld oppføring av landbruksbygg.

08.12.2017

Konklusjon etter fagmøte: vi treng fleire poteter!

NLR Rogaland inviterte til fagsamling om potet på Bryne 6. desember. Oppslutninga var bra, med over 30 engasjerte deltakarar.  Under samlinga fremheva Jæren potetpakkeri og Hoff at vi treng fleire i regionen som satsar på potet.

06.12.2017

Det er framleis mogleg å søke om utgreiings- og tilretteleggingsmidlar til prosjekt i 2018

Utgreiings- og tilretteleggingsmidlane, UTM skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, og utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Tiltak som gjeld utvikling av økologisk landbruk kan også få tilskot.

04.12.2017

Foredraga frå dialogmøte med landbruksforvaltninga 2017

Fylkesmannen arrangerte dialogmøte med landbruksforvaltninga 28.november på Clarion hotell Energy. Det var mange interessante foredrag, mellom anna fortalde Olav Tørresdal frå Mattilsynet om vedtak i saker som gjeld brudd på dyreveldferdsregelverket. Marit Sundsvik Bendixen  fortalte om forureining i landbruket og at situasjonen hadde vore betre på Jæren, dersom regelverket hadde blitt fulgt. No kan du lesa foredraga frå konferansen her.

04.12.2017

Fylkesmannen rår til fleire bustader i Time kommune sin områdeplan for Morenefaret

Kapasiteten er ikkje utnytta godt nok i dette store utbyggingsområdet. Det er større potensiale til å balansere variasjonen i bustader og felles løysingar, som grøntområde og parkering.  Høg utnytting er ein viktig føresetnad for eit betre jordvern og redusert transport. Dei nasjonale måla om innskjerping av nedbygginga av jordbruksareal tilseier høgare utnytting i framtidige planar. Forslaget sikrar heller ikkje tilstrekkeleg ute- og leikeareal med god kvalitet.

22.11.2017

Klimasmarte bygg - ein del av tredriversatsinga i Noreg

Tidlegare i haust vert det tatt initiativ til ei ny tredrivarsatsing i fylket. Dette jobbar Rogaland Treforum no med å få i gang. Prosjektet har som mål å få auka kunnskap om trebruk, og bidra til fleire klimavennlege bygg i regionen.

22.11.2017

Spennande fag- og inspirasjonssamling for økologisk landbruk 2-3. februar 2018

Ikkje gå glipp av fag- og inspirasjonssamlinga på Rennesøy. Samlinga er ein møtestad for bønder med eller utan økologisk produksjon, rådgjeving, tilsette i kommunane og alle andre som er interesserte i økologisk landbruk.

22.11.2017

Det nærmar seg utkast til jordvernstrategi for Rogaland

Ressursgruppa for jordvernstrategien har hatt to møte denne hausten, 20. desember er datoen for neste møte. Då skal første utkast til strategidokument diskuterast. Det er særleg mål og tiltaksdel som er viktig, og som også er krevjande å konkretisere.

21.11.2017

Jærsk ost i verdsklasse

Bo Jensen er ein dedikert og fullkomen ystar, og det beviste han til det fulle ved at osten "Lille Aske" fekk tildelt utmerkinga Super gull under oste-VM i London i helga.

20.11.2017

Feltkontrollørkurs på Randøy skule

Det blir arrangert feltkurs av hjortevilt på Randøy skule 14.desember.

16.11.2017

Skal det vere forbod mot nydyrking av myr?

Landbruks- og matdepartementet har hatt på høyring forslag om forbod mot nydyrking av myr. Endringane er foreslått med utgangspunkt i klimaomsyn. Fylkesmannen har gitt sin uttale til forslaget om endring av nydyrkningsforskrifta.

16.11.2017

  • Førre
  • 127
  • 128
  • 129
  • 130
  • 131
  • 132
  • 133
  • 134
  • 135
  • Neste

Statsforvaltaren i Rogaland

www.statsforvaltaren.no/ro 

sfropost@statsforvalteren.no

Tlf: 51 56 87 00

Besøk: Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger.

Post: Postboks 59, 4001 Stavanger

Opningstid: 08.00–15.20

Fakturamottak Org.nr. 974763230

Statsforvaltar og ansv. redaktør: Bent Høie

Personvernerklæring

Tilgjengelegheitserklæring (uustatus.no)

Logoar og grafisk profil

Logo for Miljøfyrtårn