Skogbruk
Skogfondsvideo
Skogkurs har laga ein video der dei presenterer «Skogfondsspillet». Videoen viser korleis ein kan nytta skogfondet optimalt ut frå gitte føresetnader.
Publisert 15.03.2015
Retningsliner for støtte til taubanedrift og skogsvegbygging
Tilskotsordningane for skogsvegar og taubanedrift har hovudfokus på å leggje til rette for aktiv og kostnadseffektiv drift på skogareal med stort potensiale for auka skogproduksjon.
Publisert 15.01.2015
Skogen i Rogaland lite skada av stormen Nina
Mange enkelttre er velta over store delar av fylket, men økonomisk er det lite omfang på skadane. Dette er den førebels konklusjonen etter tilbakemeldingar frå kommunane og nøkkelpersonar rundt i fylket.
Publisert 20.10.2014
Kvalitetsfrø av sitkagran frå Rogaland
Frøplantasjen med sitkagran i Honganvik i Sauda er no nyleg hogd for å sikre skogeigarane langs kysten klimatilpassa frø av høg kvalitet. Det er Vestskog SA som står ansvarleg for gjennomføring av hogsten og organisering av konglesankinga som er utført av idrettslaget i Sauda.
Publisert 07.01.2014
Ungdommar inn i framtida
Det vil bli stor mangel på yngre kvinner og menn med skogfagleg utdanning dei neste tjue åra. Særleg langs kysten. Skognæringa og skogforvaltninga har difor sett i gong ulike tiltak for å betra situasjonen.
Publisert 26.11.2013
Bygg landbruksbygg i tre
Sauebøndene Eli og Helge Nygård i Forsand har bygd nytt sauefjøs i tre for 60-70 sauer. Torsdag 28/11 2013 vert det mogleg å studere fjøset nærare.
Publisert 03.04.2013
Får ikkje plante juletre på matjord på Karmøy
Statens landbruksforvaltning har i brev av 22.03.2013 stadfesta Fylkesmannen sitt overprøvingsvedtak, fordi det er vurdert til å vere i strid med jordlova å plante juletre på dyrka jord. Saka gjeld omdisponering av 50 dekar jordbruksareal til juletreproduksjon i Karmøy kommune.
Publisert 02.10.2012
Rettleiar til forskrift om utanlandske treslag
Forskrift om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål tok til å gjelda 1. juli 2012. Miljøverndepartementet har no utarbeidd ein rettleiar til forskrifta. Rettleiaren skal vere eit hjelpemiddel for grunneigarar og forvaltning.
Publisert 16.08.2012
Utsetjing av utanlandske treslag
Forskrift om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål vart vedteken av Kongen i statsråd 25. mai 2012. Føremålet med forskrifta er å hindra at utsetjing av utanlandske treslag får uheldige følgjer for naturmangfaldet.