Forureining

Oppdatert 27.01.2025

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Cathrine Stabel Eltervåg (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Ørjan Simonsen (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 05 

Publisert 28.01.2020

Løyve til mudring og sprenging i sjø ved Instefjordkaien

Rosenberg Worley AS er gitt løyve etter forureiningslova til mudring og sprenging i sjø ved Instefjordkaien, Buøy i Stavanger kommune.


Publisert 27.01.2020

Etterkunngjering av løyve til mudring i Kvilldalsvika

Statnett SF har fått løyve til mudring graving på eigedomen 43/2 i Kvilldalsvika i Suldalsvatnet.


Publisert 23.01.2020

Løyve til utfylling i sjø ved Jåsund i Sola kommune

Selvaag Bolig Rogaland AS er gitt løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved Jåsund i Sola kommune.


Publisert 13.11.2019

Etterkunngjering av løyve til utfylling i sjø ved Krågøy - Rogfast E02

Statens vegvesen er gitt løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved Krågøy i Kvitsøy kommune. Utfyllinga gjeld sprengstein frå Rogfast E02.


Publisert 01.11.2019

Etterhandskunngjering av endra løyve til NorStone AS avd. Jøsenfjorden

Fylkesmannen har etter søknad endra løyve etter forureiningslova til NorStone AS avd. Jøsenfjorden i Hjelmeland.


Publisert 23.10.2019

Tiltak mudring i sjø Finnesandkanalen i Rennesøy

Mudring i sjø og restaurering av kai på eigedomene 54/153 Mosterøyveien 668 treng ikkje løyve etter forureiningslova.


Publisert 17.10.2019

Endra løyve til tiltak i sjø Aibel AS Haugesund

Aibel AS på Risøy er gitt endra løyve til sprenging og mudring av massar i sjø eigedomen 39/27 i Haugesund kommune. Endringane omhandlar i hovudsak vilkår for bruk av siltgarn og disponering av mudringsmassar.


Publisert 07.10.2019

Etterkunngjering av endra løyve til utfylling i sjø ved Knarholmen i Bokn

Knarholmen AS er gitt endra løyve til utfylling i sjø ved eigedomanen 11/327 og 11/328 i Bokn kommune. Endringa gjeld avbøtande tiltak etter graden av forureining er gjort kjent.


Publisert 26.09.2019

Løyve til tiltak i sjø ved Lindøygapet - Egersund havn

Eigersund Næring og Havn KF er på visse vilkår, gitt løyve til mudring av ca 250 m3 og sprenging av ca 70 m3 massar ved fjerning av grunne ved Lindøygapet innløpet indre havn i Eigersund kommune.


Publisert 26.09.2019

Løyve til utfylling i sjø Rogfast E03 Mekjarvik

Statens vegvesen er på visse vilkår, gitt løyve til utfylling av totalt 3 370 000 m3 strengstein frå Rogfast E03 ved Mekjarvik i Randaberg.