Rovvilt

Oppdatert 08.04.2024

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir


Publisert 01.02.2013

Forlenga skadefelling av jerv

Rogaland Sau og Geit har fått forlenga løyve til skadefelling av 1 jerv i kommunane Suldal og Hjelmeland. Løyvet gjeld til og med 15. februar 2013. Fellingsforsøket skal gjennomførast av skadefellingslaget i Nord-Rogaland.


Publisert 17.01.2013

Forlenga fellingsløyve på jerv i Suldal og Hjelmeland

Rogaland Sau og Geit er gitt løyve til forlenga skadefelling av 1 jerv i perioden fram til og med 31. januar 2013.


Publisert 20.12.2012

Skadefelling av jerv i Suldal og Hjelmeland i 2013

Fylkesmannen har gitt Rogaland Sau og Geit løyve til skadefelling av jerv i perioden 2. januar 2013 til og med 16. januar 2013. Fellingsforsøket skal gjennomførast av skadefellingslaget i Nord-Rogaland.


Publisert 15.11.2012

Rovviltnemnda Region 1

Klima- og miljødepartementet har etablert 8 regionale rovviltnemnder. Fylkesmannen i Rogaland er sekretariat for Region 1 der fylka Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder er representert. Rovviltnemnda er gitt arbeidsoppgåver innafor den nye forvaltningsforskrifta for rovvilt og skal gjere prioriteringar etter dei nasjonale bestandsmåla for regionen.