Rovviltnemnda Region 1

Klima- og miljødepartementet har etablert 8 regionale rovviltnemnder. Fylkesmannen i Rogaland er sekretariat for Region 1 der fylka Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder er representert. Rovviltnemnda er gitt arbeidsoppgåver innafor den nye forvaltningsforskrifta for rovvilt og skal gjere prioriteringar etter dei nasjonale bestandsmåla for regionen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.11.2012

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 23.05.2013

Møte i rovviltnemnda 29. mai

Neste møte i rovviltnemnda region 1 vert i Bergen 29. mai. Tema denne gong er mellom anna orientering om bestandstatus før beitesesongen samt kvotefastsetting for betinga skadefelling av bjørn, ulv, gaupe og jerv.


Publisert 08.04.2013

Protokoll møte rovviltnemnda 20. mars

Aktuelle saker på møte var fordeling og prioritering av midlar til førebyggande og konfliktdempande tiltak freda rovvilt samt driftsbudsjettet for 2013.


Publisert 04.04.2013

Høyring revidert forvaltingsplan for rovviltregion 1

Rovviltnemnda vedtok i forrige møte å legge utkast til ny forvaltingsplan til høyring. Eksisterande plan er tilgjengeleg i høgremenyen. Frist for uttale er sett til 1. juni.


Publisert 12.03.2013

Nytt møte i rovviltnemnda 20. mars

Det vert møte i rovviltnemnda i region 1 i Statens hus i Stavanger 20. mars. Som vanleg er det høve for organisasjonane å legge fram innspel til nemnda og 30 min blir sett av frå kl 12:15 før det ordinære møte startar opp igjen.


Publisert 20.12.2012

Skadefelling av jerv i Suldal og Hjelmeland 2013

Fylkesmannen har gitt Rogaland Sau og Geit løyve til skadefelling av jerv i perioden 2. januar 2013 til og med 16. januar 2013. Fellingsforsøket skal gjennomførast av skadefellingslaget i Nord-Rogaland.


Publisert 10.10.2012

Fellingsvedtak i rovviltnemnda 2012/2013

Det er vedteken kvotefri jakt på gaupe og lisensfelling av jerv og ulv i rovviltregion 1.


Publisert 01.10.2012

Oversending av klage på vedtak om lisensfelling av ulv - region1

Rovviltnemnda i region 1 handsama i møte 27.09.2012 klage frå Naturvernforbundet på vedrørande lisensfelling av ulv 2012-2013. Nemnda tok ikkje klagen til følgje.