Marin forsøpling

Søppel i havet er eit av våre største miljøproblem. Plast og anna lite nedbrytbart materiale forsvinn ikkje som anna organisk materiale, men vert brote ned i mindre bitar. Materiala kan bli verande i miljøet i hundrevis av år og gjere stor skade på både plantar, dyr og menneske.

Vi er heldige som har mange engasjerte aktørar som gjer ein stor innsats i fylket vårt, og våre fylkedekkande frilufsråd står sentralt i arbeidet med koordinering og utføring.


NYHETER FRA KAMPEN MOT MARIN FORSØPLING

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 20.03.2019

Fornya støtte til reinare kyst Rogaland

Stortinget har for 2019 sett av 70 millionar til fjerning av marint søppel, gjennom ein eigen søknadsordning. Miljødirektoratet har no fordelt midla og seks prosjekter har fått støtte i Rogaland, mellom andre har alle dei fire friluftsråda våre fått bidrag. Mange andre organisasjonar, grunneigarer og særs mange privatpersonar gjer ein formidabel innsats for naturen og oss alle.


Ansvaret til Statsforvalteren

Statsforvalteren har fått i oppdrag å koordinere arbeidet med marin forsøpling i fylket. Vi skal ha oversikt over alle viktige oppryddingstiltak i fylket. Saman med relevante private og offentlege aktørar skal vi samordne oppryddingsarbeidet.

Vi skal innhente og godkjenne avfallsplanar for hamner. Alle hamnene skal ha ein godkjent avfallsplan for å sikre at avfall frå skip blir tatt forsvarleg hand om og ikkje kjem på avvege.

Vi fører tilsyn med ei rekke bedrifter i fylket. Som eit ledd i tilsyna sjekkar vi alltid om verksemda bidrar til forsøpling. Vi sett også vilkår i løyvet med tanke på å minimere utslepp av miljøfarlege stoff og for å hindre at avfall kjem på avvege.

Ansvaret til kommunen

Kommunen er myndigheit for forsøpling. Det innebér at den skal føre tilsyn med den alminnelege forsøplingssituasjonen i kommunen og følgje opp forsøplingssaker. Når kommunen oppdagar eller får melding om eit forsøpla område, kan den påleggje den ansvarlege å rydde opp etter seg. Kommunen kan også sette i verk opprydding på den ansvarlege si rekning dersom denne ikkje etterkommer pålegget. Dette gjeld både på offentlege område og på private eigedomar.