Beredskap

Oppdatert 29.05.2024

Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, men når samfunnet blir råka av ei stor hending eller krise, må vi ha ein plan for korleis vi skal handtere situasjonen. Vi treng planar for krisehandtering, og vi må øve på krisesituasjonar i tråd med planane. Alle aktørar på sentralt, regionalt og lokalt nivå har ansvar for både å planlegge og øve. 

I tillegg til å øve eigen kriseorganisasjon, har Statsforvaltaren ansvar for jamleg å øve kriseleiinga i kommunane. Statsforvaltaren skal dessutan vere ein pådrivar for øvingar som involverer andre regionale fagetatar, som til dømes Forsvaret. 

Beredskap er ein viktig del av samfunnsplanlegginga

Ei anna viktig oppgåve for Statsforvaltaren er å sjå til at vi i samfunnsplanlegginga tek beredskapsomsyn, og at kommunane har eigne kriseplanar. 

Statsforvaltaren skal koordinere den regionale atomberedskapen og medverke til at regionale og lokale etatar utviklar planar for å kunne handtere ei atomulykke. Her er det Statens strålevern som er nasjonal fagetat.

Du er også ein del av Noregs beredskap

Vi lever i ei stadig meir uroleg verd - mellom anna på grunn av klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere budde på at ekstremver, pandemiar, ulukker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar kan råke oss. 

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) tilrår derfor at flest mogleg er budde på å klare seg sjølv i ei veke i ei krise. Det er fordi kommunar og naudetatar må prioritere dei som ikkje kan greie seg sjølv. 

Korleis vil du og dine næraste klare dykk dersom straumen blir borte ein lengre periode? Kva gjer du viss vatnet forsvinn? Kva viss du ikkje får handla på ei veke?

Finn gjerne også ut kven som kan trenge di hjelp og korleis du kan bidra. Dei grunnleggande behova dei første døgna av ei krise er varme, mat, drikke, legemiddel, hygiene og tilgang til informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv ei veke, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å komme helt i mål.

Sikkerhverdag.no har informasjon om kva som bør vere på plass i ditt eige beredskapslager.

Vis meir


Publisert 20.12.2023

Oransje farevarsel om svært kraftige vindkast i delar av Rogaland og Agder

Eit stormsenter som nå ligg vest for Island, blir gjennom dagen forsterka og legg seg over Sør-Noreg midt på dagen torsdag. 


Publisert 07.06.2023

Omfattande varslingsprøve på mobilen

Onsdag 14. juni klokka 12.00 skal Nødvarsel på mobil testast i stor skala. Samtidig blir Sivilforsvaret sine tyfonar testa. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
og politiet ber nå folk om å førebu seg på denne omfattande varslingsprøva.


Publisert 01.03.2023

Noregs nest største militærøving i Rogaland og Agder

6.–24. mars gjennomfører Agder og Rogaland heimevernsdistrikt 08 den nest største militærøvinga i landet. Øvingsområdet blir heile Agder og Rogaland. Over 4 200 soldatar deltar dei tre vekene.


Publisert 16.02.2023

Stormen "Otto" kjem fredag ettermiddag. Farevarsel på oransje nivå i delar av Rogaland

Meteorologisk Institutt har sendt ut farevarsel om svært kraftige vindkast på oransje nivå for Sunnhordland og ytre delar av Rogaland fredag ettermiddag. Kva bør me gjera? 


Publisert 14.10.2022

Eigenberedskapsveka 2022

Har du det du treng for å klare deg sjølv i minst 3 døgn dersom vatn og straum plutseleg forsvinn?


Publisert 25.04.2022

Stor skogbrannfare i heile fylket -oransje nivå

Kombinasjonen av tørt vér, sol og vind gjer at det er stor gras- og lyngbrannfare i snøfrie område. Meteorologisk institutt har no sendt ut varsel om stor skogbrannfare, på oransje nivå, for heile Vestlandet. Varselet gjeld fram til det kjem nok nedbør til å motvirke brann i terreng.


Publisert 11.11.2020

Spørsmål og svar om innreise til Norge

Må alle som kjem frå utlandet opphalda seg i karantenehotell nå? Det er mange spørsmål som dukkar opp etter at regjeringa innførte smitteverntiltak i sist veke. Her kan du få svar. 


Publisert 01.04.2020

Finn fram krimboka, brettspelet og gå på påskeeggjakt – men gjer det i nærmiljøet

Me er heldige som har mange flotte turområde i Rogaland. Fylkesmannen i Rogaland hadde under normale omstende oppfordra rogalendingane til å bruka desse flittig. Men ikkje nå, viss du må reisa langt.


Publisert 09.02.2020

Ekstremværet Elsa: Varsel på raudt og oransje nivå

Meteorologisk instititutt har nå stadfesta at dei varslar raudt nivå for vasstand måndag kveld og natt til tysdag. Det er i tillegg oransje farevarsel for måndag førmiddag. Kva betyr dette for oss?

Publisert 14.01.2020

Ekstremvêret Didrik: Det blir ekstremt høg vasstand

Det er venta ekstremt høg vasstand natt til onsdag, rekna til 80–90 centimeter over høgda i tidevasstabellane. Varselet er nå på raudt nivå og dermed eit ekstremvarsel som har fått namnet Didrik