Motorferdsel

Oppdatert 18.11.2024

Køyring med motorisert køyretøy i utmark blir regulert av motorferdsellova med tilhøyrande forskrifter. Det er kommunane som handhevar lova på dette området. Statsforvaltaren gir rettleiing til kommunane og er klageinstans for kommunale vedtak.

Formålet med motorferdsellova er å verne om naturmiljøet og sikre rekreasjonsverdiar. Lova har som utgangspunkt at all motorisert ferdsel i utmark og vassdrag er forboden. Regelverket opnar likevel for nødvendig køyring i samband med for eksempel nødutrykking eller forsvarsøvingar.

Kommunen kan dessutan leggje ut snøskuterløyper for køyring på vinterføre. I Finnmark og Nord-Troms er det eigne reglar.

Kurs og rettleiingsmateriell

Statsforvaltaren i Troms og Finnmark har laga rettleiingsmateriell som alle landets kommunar kan bruke. Rettleiinga gjer det lettare for kommunar å gjere lovlege og kontrollerbare vedtak. Målet er likebehandling og å ivareta natur, dyreliv, friluftslivinteresser og rein. Sjølv om målet er lik praksis, gjer regelverket at noko vil vere ulikt frå kommune til kommune.

Nettkurs (Statsforvaltaren i Troms og Finnmark)
Presedensarkiv (Statsforvaltaren i Troms og Finnmark)

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 08.11.2019

Tilskriver kommunene

Fylkesmannens klima- og miljøavdeling tilskriver nå kommunene i Trøndelag i forbindelse med regelverksavklaringen fra departementet om motorferdsel i utmark.


Publisert 12.07.2019

Varsler mulig omgjøring

Fylkesmannen i Trøndelag varsler mulig omgjøring av vedtak der Lierne kommune har gitt dispensasjon til bruk av ATV i utmark.


Publisert 25.10.2018

Opphever fire vedtak

Fylkesmannen i Trøndelag opphever flere vedtak der Lierne kommune har gitt dispensasjoner fra motorferdselsloven. Totalt fire vedtak oppheves.