Verneområde

Oppdatert 19.11.2024

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 03.09.2024

Slår myr for å ta vare på trua natur

Øvre Forra naturreservat har store arealer med den rødlistete naturtypen slåttemyr. Statsforvalteren har de 15 siste årene bidratt til at arealet fortsatt skjøttes og naturmangfoldet ivaretas. Visste du at i overgangen mellom slåttemyr og fastmark er blant de mest artsrike arealene vi har?


Publisert 02.09.2024

Vedtatt forvaltningsplan og besøksstrategi for Tautra og Svaet

Forvaltningsplaner med tilhørende besøksstrategi for Tautra og Svaet i Frosta kommune er nå vedtatt. Forvaltningsplanene skal være et styringsdokument for forvaltningen og brukere av området i hvordan verneforskriften skal forstås.


Publisert 09.07.2024

Høring - utvidelse av Sklinna i Leka kommune

Statsforvalteren i Trøndelag har sendt forslag til utvidelse av Sklinna naturreservat i Leka kommune på høring.


Publisert 28.05.2024

Høring – utvidelse av Kaldvassmyra i Verdal kommune

Statsforvalteren i Trøndelag har sendt forslag til utvidelse av Kaldvassmyra naturreservat i Verdal kommune på høring.


Publisert 06.05.2024

Utvidelser av Knutshø og Drivdalen landskapsvernområder

Statsforvalteren i Trøndelag har fått i oppdrag å avklare om det er lokal aksept for å starte arbeidet med å utrede utvidelse av Knutshø landskapsvernområde og Drivdalen landskapsvernområde.


Publisert 30.04.2024

Endring av verneform - Trollheimen og Innerdalen landskapsvernområder

Statsforvalterne i Møre og Romsdal og Trøndelag har fått i oppdrag å avklare med berørte kommuner om det er lokal aksept for endring av verneform fra landskapsvernområde til nasjonalpark for deler av Trollheimen og Innerdalen, samt utvidelser av landskapsvernområdet i Oppdal og Rindal kommuner.


Publisert 20.02.2024

Skarvan og Roltdalen nasjonalpark 20 år!

Hurra for Skarvan og Roltdalen nasjonalpark som fyller 20 år i dag!


Publisert 10.01.2024

Tilrådning - bevaring av verdifull natur - nasjonalpark

Statsforvalteren har sendt over vår tilrådning til Miljødirektoratet for videre oppfølging av oppdrag knyttet til bevaring av verdifull natur - nasjonalpark. Vi anbefaler blant annet at det startes opp en prosess med utvidelse av Blåfjella-Skjækerfjella/Låarte-Skæhkere nasjonalpark og Skarvan og Roltdalen nasjonalpark.


Publisert 14.07.2023

Ferdigstilte forvaltningsplaner for Kongrosletta og Guselva naturreservater

Kongrosletta naturreservat i Stjørdal kommune og Guselva naturreservat i Lierne kommune har nå fått egne forvaltningsplaner.


Publisert 05.06.2023

Melding om oppstart - utredning av vern i Gjølmesørene og Råbygdfjæra i Orkland kommune

Statsforvalteren i Trøndelag kunngjør med dette oppstartmelding for verneprosess for Gjølmesørene og Råbygdfjæra naturreservat i Orkland kommune i Trøndelag fylke.