Verneområde

Oppdatert 19.11.2024

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 08.04.2019

Ferdigstilte forvaltningsplaner for naturreservatene Storåa, Olsengelva, Kolåsen og Hemrasmarka

Forvaltningsplaner for naturreservatene Storåa, Olsengelva, Kolåsen og Hemrasmarka, i henholdsvis Lierne, Namsos, Snåsa og Stjørdal kommune, er ferdigstilte. Informasjonsbrev vil bli sendt ut til grunneiere, kommuner og andre berørte parter.


Publisert 19.03.2019

Oppstart forvaltningsplanarbeid - Innherred ferskvannssystem

Fylkesmannen melder oppstart av forvaltningsplanarbeid for Hammervatnet naturreservat, Lundselvoset naturreservat og Lyngås-Lysgård fuglefredningsområde. Verneområdene utgjør Ramsar-området Innherred ferskvannssystem.


Publisert 19.12.2018

Forvaltningsplanen for Sklinna naturreservat er ferdigstilt

Forvaltningsplanen for Sklinna naturreservat er nå ferdigstilt og kan lastes ned fra vår hjemmeside. Informasjonsbrev vil bli sendt ut til grunneiere, kommunen og andre berørte parter.


Publisert 04.12.2018

Ferdigstilte forvaltningsplaner for naturreservatene Erikskulen, Oksdøla, Hemna, Altskardet og Ferjlia

Forvaltningsplaner for naturreservatene Erikskulen, Oksdøla, Hemna, Altskardet og Ferjlia i Namdalseid, Namsos og Verran kommune er ferdigstilte. Informasjonsbrev vil bli sendt ut til grunneiere, kommuner og andre berørte parter.


Publisert 13.03.2018

Forvaltningsplan Kråkvågsvaet fuglefredningsområde

Forvaltningsplanen for Kråkvågsvaet fuglefredningsområde er nå ferdig og kan lastes ned fra vår hjemmeside. Informasjonsbrev vil bli sendt ut til grunneiere, kommune og andre berørte parter.