AR5-kurs
- Dato:
- 29. mai 2024 09:00 - 16:00
- Stad:
- Grimstad
- Arrangør:
- NIBIO og Statsforvaltaren i Agder
- Målgruppe:
- Kommunetilsette innan landbruk og kart
Webinar 16. mai kl. 09.00–11.00 og feltkurs i Grimstad 29. mai (tid og stad kjem seinare).
Webinar om klassifisering av AR5 i felt
Teams torsdag 16. mai kl. 09.00–11.00.
Vi legg til grunn at deltakarane på feltkursa kjenner til innhaldet i AR5 klassifikasjonssystem.
Dette webinaret er for deg som ikkje har vore med på feltkurs tidlegare, og for deg som ønsker repetisjon av klassifikasjonssystemet. Innhaldet i webinaret er meir eller mindre det same som vi har brukt å halde på feltkurs tidlegare, samt det vi har hatt på teams dei siste åra.
Vi vil gå igjennom definisjonar av arealtypar og andre eigenskapar i AR5, kulturgras og beitetålande urter ved klassifisering av innmarksbeite, minsteareal ved registrering av ulike arealtypar i kartet, samt viktige metadata som må fylgje med registreringane.
I tillegg vil vi også fortelje om og demonstrere den nye webbaserte løysinga for ajourføring av AR5: https://nibio.no/tema/jord/arealressurser/arealressurskart-ar5/ajourhold-av-ar5/kontinuerlig-ajourhold/webbasert-ajourhold
Om du ikkje har høve til å vere med på dette webinaret så vil det bli lagt ut opptak på NIBIO si nettside om AR5 feltkurs: https://nibio.no/tema/jord/arealressurser/arealressurskart-ar5/kurstilbud/ar5-feltkurs
Dersom du meiner du har forkunnskapane i orden og ikkje treng ein ny repetisjon av dette stoffet, så kan du teste dine AR5-kunnskapar ved å ta «Teoriprøven» som er lenka opp i venstremargen på nettsida, lenke over.
Feltkurs 29.mai
29. mai i Grimstad. Meir informasjon, m.a. om oppmøtetid og -stad kjem seinare. (Klokkeslett som står på denne artikkelen er berre førebels.)
Vi blir ute uansett ver.
- Dato:
- 29. mai 2024 09:00 - 16:00
- Stad:
- Grimstad
- Arrangør:
- NIBIO og Statsforvaltaren i Agder
- Målgruppe:
- Kommunetilsette innan landbruk og kart