BU-prisen til sagbruk i Hægebostad

Regiondirektør Sveinung Hovstad frå Innovasjon Norge, eigarane av Lauvverket Jan Petter Gysland og Trond Hamran, og fylkesordførar Arne Thomassen. Foto: Reidar Tveiten / Statsforvalteren i Agder.

Innovasjon Norge har tildelt den regionale bygdeutviklingsprisen i landbruk til Lauvverket på Snartemo.

Publisert 10.10.2024

Jan Petter Gysland og Trond Hamran har etablert Lauvverket AS. Dette er eit sagbruk som har spesialisert seg på lauvtre.

- Arbeidsplassane har blitt mange, og lønsemda er god. Lauvverket lever opp til intensjonane til BU-prisen og er et godt døme på bedriftsutvikling i praksis, meiner reigiondirektør Sveinung Hovstad i Innovasjon Norge.

– Dette er ei viktig satsing for verdikjeden for skog- og treprodukt på Agder. Det er flott å sjå at nokon tør satsa og lukkast innan vidareforedling av eik og anna lauvvirke, seier seniorrådgivar Reidar Tveiten hos Statsforvaltaren i Agder.

Les meir på nettsida til Innovasjon Norge

 

Trond Hamran og Jan Petter Gysland viser fram sagbruket Lauverket. Foto: Reidar Tveiten / Statforvalteren i Agder.