Infoskriv 11. juni 2024
- Endringar i landbruksavdelinga
- Dreneringsmidlar
- Avslutta saker i Agros
- Presentasjon om gjødselbrukforskriften
- Gamle tekniske tegninger fra Aust-Agder
- RMP – feilutsending av gamle dokumenter
- Gårdskart-aktuelt 2/24
Endringar i landbruksavdelinga
Som kjent er landbruksdirektør Tore Haugum pensjonist frå 1. juli. Unni Svagård er no fungerande landbruksdirektør og blir pensjonist til nyttår. Førebels fungerer Kjellfrid Straume som faggruppeleiar jordbruk. Karl Gjermund Damli er faggruppeleiar skogbruk og fungerer i tillegg som assisterande landbruksdirektør. Silje Lunden Gotehus sluttar hjå Statsforvaltaren og går til Agderkontoret til Norges Bondelag over sommaren.
Statsforvaltaren i Agder lyser snart ut landbruksdirektørstillinga, med søknadsfrist etter ferien. Me håpar på å få lyst ut ei stilling som saksbehandlar skogbruk og ei stilling som saksbehandlar jordbruk (erstatningsordningane) like over sommaren.
Statsforvaltaren i Agder heldt på med omorganisering frå faggrupper til seksjonar. Personalansvar blir flytta frå direktør til seksjonsleiar. Stillingane som seksjonleiar jordbruk og seksjonsleiar skogbruk vil bli lyst ut til hausten.
Dreneringsmidlar
Takk for god innsats med å frigjera midlar frå gamle, vekkgløymte saker i Agros, og takk for velvilje til omfordeling av midlar til andre kommunar! På grunn av dette har me no truleg funne nok midlar til innkomne søknader heilt fram til byrjinga av juni.
I årets jordbruksoppgjer vart det sett av 54 mill. kr i friske midlar til drenering i 2024, til tross for tidlegare signal frå Ldir om det motsette. Det vil ta litt tid før midlane kjem ut. Først skal Jordbruksavtalen godkjennast av Stortinget. Så skal Landbruksdirektoratet fordela midlane mellom fylkene. Deretter kan me auka ramma til kommunane.
Avslutta saker i Agros
Hald fram det gode arbeidet med å rydda i Agros! Også SMIL-midlar kan bli frigjort til nye prosjekt. Søk opp saker med statusen "under avslutning". Når du avsluttar saka, kjem løyvde, ubrukte midlar tilbake på ramma til kommunen.
Sakene gjeld gjerne prosjekt som er ferdige, men blei litt mindre enn innvilga. Sakene har ikkje blitt avslutta automatisk. Kommunen må altså hugsa å avslutta slike saker etter at siste utbetaling er gjort.
Presentasjon om gjødselbrukforskriften
Vi har nå lagt ut presentasjonen fra Teams-møtet 28. mai.
Du finner den i artikkelen med presentasjoner fra møter under Jordbruksforvaltning.
Gamle tekniske tegninger fra Aust-Agder
Det ryddes i fylkeskommunens administrasjonsbygg i Arendal nå, og det har dukket opp (enda) et arkivskap med gamle landbrukstekniske tegninger. Det er både grøftetegninger, driftsbygninger, høytørker og pumpehus som nå er under sortering. De vil bli lagt inn etter samme mal i samme dokument som grøftetegningene fra Vest-Agder. Dere vil få melding når de er på plass.
RMP – feilutsending av gamle dokumenter
Landbruksdirektoratet melder om at gamle arkiverte RMP-dokumenter ved en feil er sendt ut på nytt til søkere i Altinn. Det dreier seg om ca. 12 000 arkivdokumenter fra før 2021. Feilen skjedde i forbindelse med at Landbruksdirektoratet er igang med å flytte RMP-dokumentfilene fra Websak-arkivet til egen lokal lagringsplass i eStil. Den lokale lagringsplassen skal være en enklere og sikrere løsning.
Landbruksdirektoratet informerer om dette slik at Statsforvalteren og kommunene kan svare på eventuelle spørsmål fra brukere som mottar slike dokumenter i Altinn. De beklager de ulempene denne feilen medfører.
Gårdskart-aktuelt 2/24
Her kan du blant annet lese om:
- Nytt kartlag i Gårdskart.
- FKB-Grønnstruktur: se i Kilden, les nyhet.
- Kurs i AR5web.
- Frister for oppdatering av AR5 i august.
- Tid for feltbefaringer AR5: tips og verktøy.