Infoskriv 18. mars 2024
- Kommunesamling landbruk 18. april
- Meir dreneringsmidlar
- Vipe-tiltak i RMP
- Melda inn kandidatar til den nasjonale kulturlandskapsprisen
- Rapport om tilskot til veterinærreiser
- Fagskulestudium i frukt og bær
Kommunesamling landbruk 18. april
Torsdag 18. april samlast landbruksforvaltninga på Søgne gamle prestegård. Samlinga startar med fellessesjon med tema innan plan og jus. Om ettermiddagen blir det parallelle sesjonar innan jordbruk og skogbruk.
Påmeldingsfrist er måndag 8. april kl. 12.00.
Lenke til program og påmeldingsside
Meir dreneringsmidlar
Avtalepartane har funne 35 millionar kroner som blir lagt til ramma for drenering.
Sjå artikkel på regjeringen.no
Me forventar ikkje så stor del til Agder og må nok framleis prioritera. Areal til korn, potet og grønnsaker blir prioritert. Andre søknader blir prioritert etter mottatt-dato i Agros.
Kommunane melder inn kor mykje de manglar til innkomne søknader i same skjema som sist og sender dette på e-post til Kjellfrid Straume.
Lenke til skjema for innmelding av behov for dreneringsmidlar
Me har førebels ikkje fått informasjon om når tid midlane blir tilgjengeleg i Agros.
Vipe-tiltak i RMP
Tilrettelegging av hekke- og beiteområder for fugl (vipe) er no inne i RMP. Frist for å jordarbeida vipestriper og melda inn tiltak er 1. april.
Melda inn kandidatar til den nasjonale kulturlandskapsprisen
Du kan senda forslag til Statsforvaltaren innan 2. april eller til Norsk kulturarv innan 1. mai.
Rapport om tilskot til veterinærreiser
Sjå Landbruksdirektoratets rapport her
Fagskulestudium i frukt og bær
Fagskolen Innlandet, Fagskulen Vestland og Nome vgs. har gått saman om å tilby eit nettbasert studium med samlingar. Søknadsfrist er 15. april.