Gravplassvedtekter

Oppdatert 20. august kl. 13:45

Lokal gravplassmyndigheit søker om godkjenning av gravplassvedtekter. Vedtektene skal alltid godkjennast av Statsforvaltaren. Statsforvaltaren rettleier gjerne gravplassmyndigheitene undervegs i prosessen.

Søknad om godkjenning av lokale gravplassvedtekter

Søknaden skal innehalde

  • framlegg til nye eller reviderte gravplassvedtekter
  • referat/vedtak som viser at lokal gravplassmyndigheit har godkjent vedtektene
  • grunngjeving for eventuelle endringar
  • eventuelle faglege vurderingar ved spesialavgjerder om til dømes bevaringsområde, utforming av gravminne, fredningstid eller stenging for kistegravlegging 

Last opp søknaden via: Melding frå bedrift/organisasjon til Statsforvalteren (altinn.no) 

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Unngå å skrive inn personleg informasjon. Meldinga di blir berre lesen av tilsette som jobbar med nettstaden. Vi har ikkje høve til å svare deg her.

Du har 400 teikn igjen.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.