Kostra

Oppdatert 7. juli kl. 13:40

Kostra er eit nasjonalt informasjonssystem. Det gir styringsinformasjon om kommunal og fylkeskommunal verksemd. Det er derfor viktig at kommunen rapporterer fullstendig og korrekt. 

Bruk Kostra til å utvikle kommunen

Kostra er ei forkorting for kommune-stat-rapportering. Kostra-tala gir kunnskap om det meste av verksemda til kommunen og høve til samanlikning og utvikling. Statsforvaltarane brukar ofte Kostra-data i eigne analysar av tenestetilbodet og det økonomiske handlingsrommet i kommunane. Nokre statsforvaltarar publiserer kommunebilde og andre analysar der tal frå Kostra blir brukte.  

Kommunal- og distriktsdepartementet lagar kvart år ein rettleiar til kontoplanen i Kostra. På departementets nettstad finst også avklaringar om kontoplanen. 

Treng du råd eller rettleiing?

Statsforvaltaren rettleiar og informerer kommunane om korrekt rapportering til Kostra, særleg om bruk av kontoplanen.  

Kontakt Statsforvaltaren om du har faglege spørsmål. Statistisk sentralbyrå (SSB) har det tekniske ansvaret for Kostra-databasen, så tekniske spørsmål rettar du til SSB. 

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.