Jordbruk for kommunen

Oppdatert 11. mai kl. 14:18

Kommunen skal handtere tilskot i jordbruket effektivt og rettferdig. Kommunen skal også formidle informasjon, behandle søknader og ha gode rutinar for korrekte utbetalingar og kontroll. Statsforvaltaren bidrar med rettleiing og kontroll.

Vel tema

Treng du råd og rettleiing?

Kommunen skal informere og rettleie bøndene, og kan sjølv søke rettleiing hos Statsforvaltaren. Aktuelle tema er

Kommunen kan, i samarbeid med Statsforvaltaren, vere med å oppmuntre til økologisk landbruk, urbant landbruk og Inn på tunet-tiltak. Ta kontakt med landbruksavdelinga hos oss viss du ønsker meir rettleiing og informasjon.

Les meir:

I økologisk produksjon blir det stilt ekstra krav til miljøomsyn og dyrevelferd.

Økologisk landbruk kan bidra til å gjere norsk landbruk meir miljøvenleg og berekraftig. 

Les meir:

Urbant landbruk er landbruksaktivitetar i og rundt byar og tettstader.

Vi kan dele temaet i to delar:

  • Tradisjonell gardsdrift og marknadshagar i urbane område som leverer varer og tenester direkte til befolkninga i byen eller tettstaden. 
  • Dyrking utan direkte næringsøkonomisk betyding, ofte med eit sosialt føremål i tillegg til lokal matproduksjon, til dømes dyrking på tak, balkongar eller felleshagar.

Urbant landbruk bygger kunnskap mellom bønder og byfolk, skapar møteplassar, styrker nettverk og gir landbruket nye moglegheiter som tenesteleverandør i byen.

Les meir: Urbant landbruk (regjeringen.no)

Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel. Aktiviteten i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der.

Garden er veleigna som base for velferdstenester av mange grunnar:

  • Meiningsfulle og ekte aktivitetar
  • Ein kan skreddersy aktivitetar til den enkelte sitt behov, meistringsnivå og dagsform
  • Merksemd på "det friske" hos deltakarane, vanleg medarbeidar på lik linje med gardbrukaren
  • Fysisk aktivitet og riktig kosthald
  • Sosialt fellesskap i eit trygt og oversiktleg miljø, å ha mykje å snakke om flyttar merksemda vekk frå eigen situasjon
  • Dyr og natur – vitenskapeleg bevist at det er godt for den psykiske helsa

Les mer:

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.