Samordningsansvaret til Statsforvaltaren
I ei krise skal Statsforvaltaren ta eit regionalt samordningsansvar. Vi samarbeider tett med kommunar, politiet, helsemyndigheiter og andre beredskapsaktørar. Vi rapporterer dessutan til nasjonale myndigheiter.
I det daglege samordnar vi beredskapsarbeidet i fylka og held oversikt over risiko og sårbarheit.
FylkesROS – risiko- og sårbarheitsanalyse for fylket
FylkesROS gir oversikt over dei største trugslane og utfordringane i fylket. Analysen tar for seg naturhendingar, store ulukker og uønskte hendingar.
Analysen er eit viktig verktøy for å prioritere tiltak og ressursar i beredskapsarbeidet. Den er også eit kunnskapsgrunnlag kommunen kan bruke i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap heilskaplege risiko- og sårbarhetsanalyser.
Regionalt samarbeid
Fylkesberedskapsrådet er sett saman av dei viktigste regionale aktørane i beredskapsarbeidet i fylket. Kven som møter i rådet, kjem an på kva type krise eller hending det er snakk om.
Fylkesberedskapsrådet skal legge til rette for godt samarbeid, ei felles forståing for utfordringane i fylket og kjennskap til ansvarsområda til dei ulike medlemmane. Statsforvalteren oppnemner medlemmar og leier møta i rådet. Heile rådet skal møtast minst éin gang i året, og når det er behov for å samordne handteringen av kriser.