Tvisteløysing

Oppdatert 15. desember 2025 kl. 13:23

Dersom to eller fleire kommunar er usamde om kven som har ansvar for å gje sosiale tenester til ein tenestemottakar, kan kommunane krevje at Statsforvaltaren behandlar og avgjer tvisten. 

Slik fremjar kommunen ei tvistesak

1

Nav-kontoret må først sørge for at rett kommunalt organ har teke stilling til om kommunen skal be Statsforvalteren avgjere tvisten. Det er vanlegvis kommunestyret som har slik mynde, men myndet kan vere delegert i tråd med reglane i kommunelova.

2

Kommunane som er involverte i tvisten, skal innhente alle opplysningar som kan ha noko å bety for saka. Kommunane skal få høve til å uttale seg om kvarandre si framstilling av saka. 

3

Det er nok at éin kommune bestemmer seg for å fremje tvistesak. Statsforvaltaren i fylket der kommunen fremjar tvistesak, har ansvar for å behandle og avgjere tvisten. Avgjerda til Statsforvaltaren er endeleg. Det er ikkje mogleg å klage på avgjerda eller bringe avgjerda inn for domstolane. 

Kva dokument må følgje saka?

Statsforvaltaren må ha nok informasjon til å kunne avgjere tvisten. Dette er dokumentasjonen vi treng: 

  • Dokumentasjon på at rett organ i kommunen har bestemt at kommunen skal be Statsforvalteren avgjere tvisten. Dersom det er andre enn kommunestyret som har teke avgjerda, må kommunen også dokumentere at myndet er delegert. 
  • Ei skildring av den faktiske situasjonen. 
  • Ei grunngjeving for kvifor kommunen meiner at ein annan kommune har ansvaret. 
  • Kravet som kommunen har, og dokumentasjon på kravet. Det kan til dømes vere at kommunen ønskjer at Statsforvalteren konstaterer at ein annan kommune har ansvaret for den konkrete tenestemottakeren. Det kan også vere at kommunen ønskjer at ein annan kommune skal refundere utgifter som kommunen har hatt. Kommunen må i så fall opplyse kva beløp kommunen krev refundert. 
Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.