Løyve til å forureine

Oppdatert 10. juli kl. 10:01

Du må søkje om løyve til å forureine viss verksemda di kan føre til utslepp til luft, vatn eller grunn.

Vel tema

Du må søke om løyve til

  • industri og produksjon 
  • avfallsbehandling og gjenvinning 
  • avløpsanlegg i større tettstader 
  • mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag 

Verksemder med meldeplikt

Mange verksemder, som pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft, treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men må følgje gjeldande forskrifter.

Dersom verksemda di er omfatta av eitt av desse kapitla i forureiningsforskrifta, må du melde frå til Statsforvaltaren før oppstart:

Kapittel 10 – krematorium
Kapittel 20 – avfallshandtering i hamn
Kapittel 23A – kunstgrasbaner
Kapittel 24 – asfaltverk
Kapittel 25 – vask og impregnering av oppdrettsnøter
Kapittel 26 – fiskeforedling
Kapittel 27 – mellomstore forbrenningsanlegg
Kapittel 28 – kjemisk eller elektrolytisk overflatebehandling
Kapittel 29 – mekanisk overflatebehandling
Kapittel 30 – produksjon av pukk, grus, sand og singel
Kapittel 33 – betongproduksjon
Kapittel 34 – enkelte akvakulturanlegg

Mellombels anleggsarbeid

Mellombels anleggsarbeid er lov uten løyve så langt arbeidet ikkje medfører uakseptable skadar på sjø og vassdrag.

Du må gjere ei miljørisikovurdering før anleggsarbeidet startar. Denne vurderinga skal avklare om tiltaket kan forureine miljøet, og om du treng løyve frå Statsforvaltaren.

Du må ha løyve etter forureiningslova dersom

  • anleggsarbeidet varar lenger enn det som blir rekna som mellombels
  • arbeidet kan føre til meir forureining enn det som er akseptabelt
  • tiltaket kan gi varig skade på natur, sjø eller vassdrag

Dersom du er usikker på om prosjektet treng løyve, bør du kontakte Statsforvaltaren tidleg. Dette gjeld særleg større prosjekt, som bygging av veg eller jarnbane.

Kva skal miljørisikovurderinga innehalde?

Miljørisikovurderinga skal skildre

  • kva type forureining tiltaket kan føre til
  • kor store utsleppa kan bli
  • kor sårbart området, sjøen eller vassdraget er

På grunnlag av vurderinga skal du lage eit miljøoppfølgingsprogram. Programmet skal skildre kva tiltak som skal redusere forureining og beskytte miljøet under anleggsarbeidet.

Gebyr for saksbehandling

Statsforvaltaren tek gebyr for å behandle søknader om løyve (forureiningsforskrifta kapittel 39). Gebyrsatsen blir fastsett ut frå ressursbruken i saka. Endeleg gebyrsats blir fastsett når saka er ferdig behandla.

Sjøkablar og leidningar

Du treng vanlegvis ikkje løyve etter forureiningslova for å legge sjøkablar eller leidningar på sjøbotnen. Dersom arbeidet inneber mudring, nedspyling eller andre inngrep som flyttar massar på botnen, må du kontakte Statsforvaltaren.

Vi vurderer då om tiltaket krev løyve etter forureiningsregelverket.
Om det er behov for løyve kjem mellom anna an på

  • om botnen er forureina
  • kor omfattande tiltaket er
  • om tiltaket kan påverke sårbar natur eller viktige miljøverdiar

Kunstige sandstrender

Å tilføre sand på land eller i vatn for å etablere eller vedlikehalde ei kunstig sandstrand kan reknast som forureining etter forureninigslova.
Tiltaket er ikkje tillatt dersom det kan føre til skade eller ulempe for miljøet. Derfor må kvar sak vurderast konkret.

Statsforvalteren kan gi løyve etter ei samla vurdering av

  • kva konsekvensar tiltaket kan få for miljøet
  • risiko for forureining
  • kva nytte tiltaket har for samfunnet

Ta kontakt med Statsforvaltaren dersom du er usikker på om tiltaket krev løyve.

Kontakt oss

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.