Næringsmiddel- og fiskeoljeprodusentar oppfyller ikkje krava

Publisert i dag kl. 13:46

Tilsyn viser at fleire bedrifter i fylket innan fiskemjøl- og fiskeoljeproduksjon, olje til humant konsum, slakteri og meieri ikkje oppfyller utsleppskrava. Fleire manglar også måleprogram og risikovurderingar.

Kart som viser kor dei ulike bedriftene ligg i fylket.
Alle dei 20 verksemdene som blei kontrollert har utslepp til vatn og luft frå produksjonen, og for mange går prosessavløpet ut i sjøen. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Frå 25. mars til 19. august har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjennomført tilsyn ved 20 verksemder for å kontrollere om dei etterlever krava i løyva etter forureiningslova. Alle verksemdene har utslepp til vatn og luft frå produksjonen, og for mange går prosessavløpet ut i sjøen.

I utsleppsløyva er det sett grenser for kor mykje feitt og organisk materiale verksemdene kan sleppe ut. Tilsynet har difor hatt særleg merksemd på korleis verksemdene overvaker, måler og dokumenterer utsleppa sine.

– Dei kontrollerte verksemdene har alle eigne løyve som regulerer utslepp frå produksjonen til vatn og luft. Det er vi som gir slike løyve. Då er det naturleg at vi også følgjer opp at krava blir overhaldne, seier underdirektør for forureining hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Christian Dahl.

Manglar i måleprogramma

Tilsynet avdekte at fleire av verksemdene har manglar i måleprogramma sine. Desse skal sikre at utsleppsprøver blir tekne ofte nok og på ein måte som gir eit representativt bilete av dei faktiske utsleppa frå verksemda.  

– Verksemdene skal ha tilstrekkeleg oversikt over kor mykje feitt og organisk materiale dei slepp ut til omgivnadane. Eit godt måleprogram er avgjerande for å sikre dette, seier Dahl.

Slit med å halde utsleppskrava

Om lag halvparten av verksemdene har utfordringar med å halde utsleppskrava til sjø. Nokre har enkeltmålingar som overstig grenseverdiane i løyvet, medan andre over tid har problem med å halde seg innanfor dei fastsette grensene.

Statsforvaltaren sine tilsynsrapportar viser samtidig at fleire av verksemdene arbeider aktivt for å redusere innhaldet av feitt og organisk materiale i avløpsvatnet.

– Det er ikkje god økonomi i å sleppe verdifulle råstoff ut i sjøen, seier Dahl.

Potensial for betre risikovurderingar

Tilsynet har undersøkt korleis verksemdene vurderer risikoen for forureining til vatn, luft og grunn, og korleis dei handterer avfall. Statsforvaltaren fann at godt over halvparten av dei kontrollerte verksemdene har forbetringspotensial på eitt eller fleire av desse områda. 

– Gode risikovurderingar er avgjerande for å førebyggje forureining, og sikre at verksemdene har nødvendige tiltak på plass dersom det oppstår uønskte hendingar.

Verksemder Avvik - prosess
Epax Norway AS Lukka
Algea AS avd. Kristiansund Lukka
TripleNine Vedde AS Vi har motteke tilbakemelding
Tine AS avd. Elnesvågen Vi har motteke tilbakemelding
Vital Seafood AS Utsett frist
Pharma Marine AS Vi har motteke tilbakemelding
KD Norway AS Vi har motteke tilbakemelding
Fortuna Oils AS Utsett frist
Berg Lipidtech AS Ikkje utgått frist
Hofseth Biocare ASA avd Midsund Vi har motteke tilbakemelding
GC Rieber AS Vi har motteke tilbakemelding
Firmenich Bjørge Biomarin AS Ikkje utgått frist
Edelgard AS Ikkje lukka
Pelagia Averøy Ikkje utgått frist
Øre Vilt SA, Gjemnes Lukka
Tine Meieri avd. Ørsta Ikkje utgått frist
Tine Meieri avd. Ålesund Ikkje utgått frist
Hofseth Aqua avd 31 Slakteri Ålesund Ikkje utgått frist
Tine Tresfjord Ikkje utgått frist
Ole Ringdal AS Ikkje utgått frist

Må rette opp avvika

– Etter tilsynet må verksemdene med avvik rette opp forholda innan ei gitt tid. Nokre er allereie i mål med dette og avvika er lukka, seier Dahl.

Målet med tilsynsaksjonen har vore å sikre at verksemdene har god kontroll på eigne utslepp og set i verk tiltak som reduserer forureininga mest mogleg. 

– Betre overvaking, risikovurderingar og effektive reinseløysingar er viktige verkemiddel for å halde utsleppa frå næringsmiddel- og oljeindustrien i fylket på eit forsvarleg nivå, avsluttar Dahl.