Natur og friluftsliv

Oppdatert 29. mai kl. 11:29

Vil du fiske eller jakte? Har du behov for å køyre i naturen? Eller vil du bli kvitt framande planteartar i hagen? Kanskje eig du skog du vil verne. Her får du informasjon om korleis du går fram.

Bruk av natur- og friluftsområde

Alle kan ferdast i naturen i Noreg. Alle stader skal du vere omsynsfull og unngå å gjere skade på natur, innmark eller eigedom.

Rettar og plikter i naturen

Kystfiske som fritidsaktivitet og barns fiske etter innlandsfisk blir rekna som ein allemannsrett. 

Ved utløpet av mange vassdrag med lakse-, sjøaure- og sjørøyebestandar er det oppretta soner med avgrensa rett til å fiske. Dette blir kalla munningsfredningssoner.

Sjå rettleiaren Hvor kan jeg fiske fra Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)

Meir informasjon for deg som er grunneigar eller med i eit fiskelag.

Din region kan ha eigne reglar for fiske, sjå nedst på denne nettsida. 

All jakt skal skje på ein måte som tek vare på naturen og dyrelivet. Jegerar må setje seg godt inn regelverket slik at jakta føregår på ein ein lovleg og ansvarleg måte.

Sjå landbruksdirektoratets rettleiing om jakt og fangst (landbruksdirektoratet.no) 

Kontaktinformasjon til regionale rovviltnemdar.

Ta kontakt med oss dersom du vil

  • få informasjon om kvar det finst rovvilt og kor mange det er
  • få løyve til å skadefelle gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor kvoten frå rovviltnemnda
  • søkje om skadefelling av kongeørn
  • søkje om båsfangst av jerv og gaupe
  • søkje om midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskade
  • søkje om erstatning for husdyr som er tekne av freda rovvilt

Sjå også: Vilt og rovvilt

Hovudregelen er at motorferdsel i utmark og i vassdrag er forbode, men det er nokre unntak. Du kan søkje kommunen om dispensasjon frå lova, og kommunen kan gi løyve innanfor rammene av regelverket.

Det er viktig å unngå skade og ulempe for naturmiljø og menneske.

Dersom motorferdsel er forbode i området, må du søkje forvaltningsmyndigheita om dispensasjon frå verneforskrifta. I tillegg må du ha løyve frå kommunen etter motorferdsellova. Vanlegvis søkjer du først til forvaltningsmyndigheita for verneområdet

Sjå rettleiaren frå Miljødirektoratet: Motorferdsel i utmark: Slik er reglene (miljødirektoratet.no) 

Statsforvaltaren forvaltar mange verneområde, og har ansvar for både regelverk, dispensasjonar og oppfølging av verneverdiane. Vi har også ei viktig rolle i arbeidet med å opprette nye verneområde. 

Reglane for bruk varierer mellom ulike verneområde. Det er derfor viktig å sette seg inn i reglane for det området du skal ferdast i. 

Allemannsretten gjeld òg i naturvernområde, men i nokre område finst det eigne reglar for ferdsel og andre aktivitetar.

Nokre stader er det sett opp informasjonsskilt. I mindre naturvernområde må du likevel gå inn på nettstaden til kvart enkelt verneområde for å finne aktuell informasjon.

Her kan du sjekke om det er spesielle reglar i verneområde der du går på tur: Oversikt over Norges verneområde (miljødirektoratet.no)

Om våren og tidleg på sommaren kan det vere forbode å ferdast i heile eller delar av eit verneområde, fordi fuglane hekkar der. 

Nokre område er også spesielt viktige for fuglar på trekk om hausten, eller fordi dei overvintrar der. I fjellet kan omsynet til villrein føre til liknande ferdselsforbod.

Her kan du sjå kvar det er ferdselsforbod: Kart over ferdselsforbod (miljødirektoratet.no)

Skal du fly drone i naturen, må du sjekke om området har eigne restriksjonar. Sjølv utan restriksjonar må du unngå å uroe fuglar, dyr og friluftsliv.

I verneområde gjeld eigne reglar, og mange nasjonalparkar og store landskapsvernområde har forbod mot droneflyging. I Miljødirektoratets kart kan du finne ut om eit område er verna og kva reglar som gjeld: Rettleiar: Reglar for å fly droner i naturen (miljodirektoratet.no).

Hvis droneflyging er forbode i eit verneområde, kan du eventuelt søkje om løyve hos den instansen som forvaltar området.

Mange importerte hageplantar kan utkonkurrere andre plantar. Dei er hardføre og  formeirer seg raskt. I naturen drep dei mangfaldet av artar som lever der og kan ta over store område. 

Du kan vere med på å førebyggje at dette skjer. Sjå rettleiaren til Miljødirektoratet: Unngå spreiing av framande artar frå hagen (miljødirektoratet.no)

Er du grunneigar og ønskjer å gjere tiltak i eller ved vassdrag?

Frivillig vern av skog

Her kan du lese om verna natur

Fiskereglar for laks og sjøaure i sjøen i Møre og Romsdal

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.