Sterk tilbakegang
Sjøfuglane våre er ein viktig del av kystmiljøet, og fortel oss mykje om tilstanden i dei marine økosystema. Mange sjøfuglbestandar er no i sterk tilbakegang, og situasjonen er kritisk. Talet på norske sjøfuglar har gått tilbake med 80 prosent frå 1970 til 2020, og nær halvparten av artane er no oppført som truga i Norsk Raudliste for artar.
Fleire årsaker
Sviktande næringstilgang og klimaendringar er hovudårsakane til sjøfuglane sin tilbakegang. Eit varmare hav påverkar dei marine økosystema og forsterkar fleire av truslane mot sjøfuglane. Fiskeriaktivitet, bifangst, naturlege rovdyr, framande artar, forureining samt konkurranse mellom artar om til dømes næring og hekkeplassar er andre årsaker.
Attgroing og rovdyr
Dei fleste sjøfuglartane er kolonihekkande, det vil seie at dei legg reira sine tett saman. Ved å hekke på denne måten kan dei beskytte egg og ungar mot rovdyr gjennom flokkforsvar og forvirringseffekt. Når det vert færre individ, er det færre som kan bidra til å mobbe og jage vekk rovdyr. Dette gjer sjøfuglane ekstra sårbare.
Når hekkeholmane gror att, får kråkefugl og andre rovdyr fleire gøymestader og lettare tilgang til egg og ungar. Av framande artar er det i all hovudsak mink som utgjer den største utfordringa for sjøfuglbestandane. Mink er ein effektiv reirpredator på bakkehekkande fugl, og trivst godt i område med vegetasjon kor dei kan finne skjul.
For å bøte på den negative utviklinga er vi no i gang med eit større restaureringsprosjekt av eigna hekkeholmar over heile fylket. Målet er å gi sjøfuglane trygge og eigna hekkeplassar. Holmane skal ligge nær gode næringsområde, men samtidig langt nok unna område der mink lett kan spreie seg. Holmane skal skjøttast slik at andre rovdyr heller ikkje kjem lett til reirplassane.
Fire fasar i arbeidet
Prosjektet skal vere erfarings- og kunnskapsbasert, og dei første pilottiltaka med rydding av utvalde holmar skal gjennomførast allereie i 2026. Prosjektet skal vere fleirårig og er delt inn i fire fasar:
1. Kunnskapsinnhenting og val av kriterium for evaluering
Utvalde kriterium er mellom anna:
- historisk bruk av hekkeområdet
- kvalitet for hekking, til dømes grad av attgroing
- rovdyrrisiko
- eigna avstand frå land
- eigna sjøforhold
- gruppering - avstand til andre holmar
2. Teknisk analyse: kart- og fotoanalyse, bruk av KI-verktøy for prioritering
3. Praktisk analyse/kvalitetssikring
- dronefotografering av utvalde lokalitetar
- planlegging av restaureringstiltak
- gjennomføring av pilottiltak hausten 2026
4. Etterarbeid
- gjennomføring av prioriterte tiltak 2027-2030
- framtidig overvaking
- overføringsverdi til andre område
Med oss i arbeidet har vi blant anna BirdLife Noreg avdeling Møre og Romsdal. Dei bidrar med lokal kunnskap om sjøfuglbestandane og viktige hekkeholmar i fylket. Miljødirektoratet støttar arbeidet med økonomiske midlar.
Målet om å betre situasjonen for sjøfuglane er i tråd med Regjeringa sin handlingsplan for sjøfugl.
Tips oss gjerne!
Har du innspel til arbeidet eller forslag til holmar som bør restaurerast? Vi vil gjerne høyre frå deg. Send ein e-post til sfmrpost@statsforvaltaren.no, så tek vi kontakt.
Kontakt oss
Send oss ein e-post, og skriv kva saka gjeld i emnefeltet.
Då blir e-posten sendt til rett fagperson.