Utanlandsk separasjon eller skilsmisse

Oppdatert 22. mai kl. 10:16

Dersom du er skild eller separert i eit land utanfor Norden, må du søke om godkjenning frå Statsforvaltaren for at dokumenta skal vere gyldige i Noreg.

Kven må søkje?

Du treng godkjenning av utanlandsk separasjon eller skilsmisse dersom du for eksempel

  • er skild i utlandet og skal gifte deg på nytt i Noreg
  • er separert i utlandet og ønskjer å søkje skilsmisse i Noreg
  • har fått ekteskapet annullert i utlandet (annullert betyr at ein utanlandsk domstol har kjent ekteskapet ugyldig).
  • er du skild i eit nordisk land, men berre éin av dykk er nordisk statsborgar

Før du søker

Når du søker om å få godkjent utanlandsk separasjon eller skilsmisse, må du legge ved fleire dokument. Kva dokument som krevst, kjem an på kva land som gav deg skilsmissa eller separasjonen.

Dersom du sender inn riktige dokument med ein gong, kan vi behandle saka di raskare.

I dei fleste land blir separasjon eller skilsmisse behandla av ein domstol. Difor må du som hovudregel sende inn ein kopi av separasjons- eller skilsmissedommen.

Dommen må vere endeleg (rettskraftig). Det betyr at han ikkje kan ankast til ein høgare domstol. Dersom det ikkje står i dommen at han er endeleg, må du òg legge ved ei stadfesting frå domstolen eller frå eit folkeregister i landet der saka vart behandla.

 

I nokre land er det ikkje domstolen, men ei anna myndigheit som behandlar separasjon eller skilsmisse. I slike tilfelle kan vi godta ein attest frå eit sivilstandsregister eller folkeregister som viser at de er separerte eller skilde.

Filippinane har ikkje separasjon eller skilsmisse i lovverket sitt. I staden behandlar domstolane saker om annullering av ekteskap. Domstolar i andre land kan òg av og til behandle slike saker. Vi kan godkjenne desse sakene.

Du bruker det same søknadsskjemaet, og vi stiller dei same krava til dokumentasjon som ved godkjenning av skilsmisse.

 

Alle dokumenta du sender inn, må vere anten

  • originalar – eller
  • kopiar som er stadfesta av advokat, offentleg tenesteperson eller eit profesjonelt kopieringsfirma

Kravet til dokumenta gjeld uavhengig av om du sender inn originaldokumentet, ein kopi eller ei eventuell omsetjing.

 

For at separasjons- eller skilsmissedokument frå utlandet skal vere gyldige i Noreg, må dei ha eit apostillestempel – eller vere stadfesta gjennom ei legalisering.

Apostille

Apostillestempel er metoden som blir brukt av land som har underteikna Haag-konvensjonen. Her er lista over land som brukar apostille, og kontaktopplysningane til dei myndigheitene som har løyve til å setje på apostillestempel (hcc.net).

Stempelet

  • stadfestar at signaturen og myndigheita er ekte
  • skal setjast på av myndigheitene i det aktuelle landet. Dei stadfestar med dette at signaturen til den som har underteikna dokumentet er ekte, og at vedkomande har den myndigheita og stillinga som står oppført i dokumentet. 

Legalisering

Legalisering er metoden som blir brukt dersom landet dokumentet kjem frå ikkje er medlem av Haag-konvensjonen. Først må dokumentet godkjennast av utanriksdepartementet i det landet der det er utskrive. Dei stadfestar at personen som har skrive under dokumentet har rett myndigheit og stilling. Deretter må dokumentet sendast til den norske ambassaden i det same landet for ei siste stadfesting (verifisering)

Dokumentasjon frå visse land har låg notoritet, noko som betyr at dokumentasjonen i mange tilfelle ikkje er til å stole på. Når vi behandlar saka di, kan vi be den norske ambassaden om hjelp til å undersøke om den innsende dokumentasjonen er ekte og om innhaldet er riktig. Dette blir kalla verifisering. Dersom du godtek at dokumenta dine kan bli verifiserte, må du sende oss ei skriftleg stadfesting på det. Statsforvaltaren dekker eventuelle utgifter til verifisering

Dersom separasjons- eller skilsmissedokumentet ditt er på eit anna språk enn engelsk eller tysk, må du sørgje for ei omsetjing av dokumentet. Hovudregelen er at dokumentet må omsetjast av ein statsautorisert omsetjar.

Dersom det ikkje finst ein statsautorisert omsetjar for språket, kan vi godta omsetjing frå

  • norsk eller utanlandsk utanriksstasjon/konsulat
  • universitets- eller høgskulelærar med språkkunnskap
  • kommunal tolketeneste

Vi krev ikkje apostillestempel på omsetjinga.

 

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.