Festdag med løfte om truskap
Seremonien er ein festdag med talar og musikkinnslag. Under seremonien gir alle nye statsborgarar eit felles truskapsløfte til Noreg.
Som norsk statsborgar lovar eg truskap til landet mitt Noreg og det norske samfunnet, og eg støttar demokratiet og menneskerettane og vil respektera lovene i landet.
Invitasjon og påmelding
Du får ein invitasjon med meir informasjon om tid, stad og korleis du melder deg på. Anten du er med på seremonien eller ikkje, er du allereie norsk statsborgar.
Kontakt oss
Send oss ein e-post, og skriv kva saka gjeld i emnefeltet.
Då blir e-posten sendt til rett fagperson.