Tilsyn med barnevernet

Oppdatert 4. juni kl. 09:00

Statsforvaltaren fører tilsyn med barnevernstenesta i kommunen. Det betyr at vi følgjer med på at kommunen gjer oppgåvene sine i tråd med barnevernslova og at kommunen følgjer gjeldande lover og reglar.

Verkemiddel og aktivitetar i tilsynsarbeidet

Statsforvaltaren har rett til innsyn i alt arbeid barnevernet gjer. Nokre gonger går vi til dømes gjennom korleis barnevernstenesta utfører undersøkingane sine. Andre gonger går vi gjennom enkeltsaker etter at vi har fått ein klage.

Tilsyn med Bufetat

Bufetat leverer tenester som fosterheim og institusjonsplassar til barnevernstenestene. Barnevernstenesten kan klage til Statsforvaltaren viss dei meiner Bufetat ikkje oppfyller bistandsplikta.

Statsforvaltaren fører tilsyn med bistandsplikta til Bufetat.

Tilsyn med barnevernsinstitusjonar

Statsforvaltaren fører tilsyn med alle barnevernsinstitusjonar minst to gonger i året. Vi går gjennom alle tvangsprotokollar, og behandlar klager fra bebuarar og deira pårørande, i tillegg til klager på tvangsprotokollar.

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.