Krav
Terskelen for å få innvilga denne statusen er høg.
For å kunne søke om status som typisk turiststad, må desse krava vere oppfylte:
- Området må ha få innbyggarar samanlikna med tal turistar/besøkande gjennom året.
- Sal må i visse periodar i hovudsak vere til turistar.
- Bedriftene i området må vere avhengige av turistsesongen for å kunne halde drifta i gang.
Typiske turiststader kan halde ope på søndagar og heilagdagar.
Dette må med i søknaden
- Eit kommunestyrevedtak om at kommunen ønskjer å søkje om statusen. Vedtaket må vere tydeleg på kva område det gjeld og kva del av året statusen er ønskt.
- Ei utgreiing og dokumentasjon på korleis salet på staden vert påverka av turistar.
- Ei grunngjeving av kvifor næringa på staden er avhengig av turistar.
Det er ikkje tilstrekkeleg å vise til at omsetnaden aukar i turistsesongen.
Høyring og forskrift
Dersom det blir aktuelt å gi området statusen, sender Statsforvaltaren saka på høyring til relevante instansar, særleg lokale arbeidstakarorganisasjonar.
Statsforvaltaren gir ein stad status som typisk turiststad gjennom forskrift.