Akutt forureining

Oppdatert 4. mars kl. 12:05

Kommunane har ei viktig rolle i beredskapen mot akutt forureining, og skal sørge for nødvendig beredskap. Statsforvaltaren er miljøfagleg rådgjevar ved akutte hendingar.

Rolla til kommunen

Ved mindre akutte utslepp som blir varsla om til nødnummeret 110, vil det normalt vere tilsette frå lokalt brannvesen/hamnevesen som rykker ut med utstyr for å avgrense spreiing av forureininga, og hjelper til med opprydding. Ved behov kan kommunen kalle inn ekstra mannskap og utstyr til å aksjonere i lokale/regionale aksjonar gjennom samarbeidet med dei interkommunale utvala for akutt forureining (IUA). 

Rolla til Statsforvaltaren

Vi har ei rolle som miljøfagleg rådgjevar ved akutte forureiningshendingar. Under ein aksjon eller ei hending gir vi miljøråd om sårbare artar eller naturområde som det bør takast omsyn til.

Vi er miljøfagleg rådgjevar for interkommunalt utval for akutt forureining (IUA) under interkommunale aksjonar mot akutt forureining, og kan støtte IUA også under statlege aksjonar.

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.