Kva typar klagar behandlar vi?
Statsforvaltaren er klageinstans for vedtak som mellom anna gjeld
- innvilga eller avslåtte søknader om sosiale tenester som
- opplysning, råd og rettleiing
- gjeldsrådgiving
- økonomisk sosialhjelp
- midlertidig butilbud
- individuell plan
- kvalifiseringsprogram
- vilkår for å få økonomisk sosialhjelp
- krav om å få tilbakebetalt urettmessig mottatt sosialhjelp
- stans eller endring av tidligere vedtak
- refusjon i etterbetalte trygdeytingar
Moglege utfall
Vi kan anten
- stadfeste det tidlegare vedtaket i saka
- gjere nytt vedtak i saka
- eller oppheve vedtaket og sende saka tilbake til Nav. Nav kan få saka til heilt eller delvis ny behandling.
Oversikt over kva som skal vere med i ei klagesak som Nav skal sende til Statsforvalteren:
- Søknaden (med vedlegg) som brukaren sende til Nav.
- Enkeltvedtaket som brukaren har klaga på.
- Klagen frå brukaren (med eventuelle vedlegg).
- Nav-kontorets vurdering av klagen, klagarens innvendingar og eventuell dokumentasjon frå klager. Hugs at brukaren skal få kopi av brevet som du sender til Statsforvaltaren (forvaltningslova § 33).
- Andre opplysningar som bidreg til å opplyse klagesaka. Det kan til dømes vere journalnotat etter samtalar eller anna kontakt Nav-kontoret har hatt med brukaren.
- Eventuelle opplysningar som du henta inn då du kartla/utgreia saka du gjorde enkeltvedtak i, og som brukaren har klaga på. Legg også ved brev til og frå brukaren.
- Hugs å sende kopi av oversendinga til brukaren, eventuelt også advokaten dersom brukaren har fått hjelp til å sende klagen sin.
Dersom Statsforvaltaren opphevar enkeltvedtaket, er årsaka at det anten er feil i saksbehandlinga eller at lovene er brukte feil, eller begge delar. Statsforvaltaren forklarer ofte kva som er feil og presiserer kva Nav-kontoret må gjere for å få eit gyldig enkeltvedtak.
I tilfelle der det er feil i saksbehandlinga og/eller lovene er brukte feil, kan Statsforvaltaren gjere om enkeltvedtaket til Nav-kontoret.
Du kan lese om Statsforvaltaren som klageinstans i forvaltningslova § 34 (lovdata.no) og sosialtenestelova § 48 (lovdata.no).
Her kan du sjå rundskriv og rettleiarar til sosialtenestelova.