Fri rettshjelp for advokatar og rettshjelparar

Oppdatert 25. mars kl. 14:20

Bruk rettshjelpsportalen når du skal sende søknader om fri rettshjelp på vegner av ein klient, melde inn eigeninnvilging og sende inn salæroppgåver. 

Er du privatperson og treng fri rettshjelp?

Løys oppgåvene dine i rettshjelpsportalen

For advokatar er det obligatorisk å bruke portalen. Berre tolkar som er registrerte i Nasjonalt tolkeregister, kan sjølv sende inn salæroppgåver. Andre tolkar må få advokaten til å sende inn salæroppgåva.

Statsforvaltaren betalar ut salæret til deg. 

Statsforvaltaren gjer vedtak om kor stor eigenandelen skal vere. Statens innkrevingssentral hos Skatteetaten krev inn eigenandelen.

Viss du ikkje er registrert i Nasjonalt tolkeregister, må du be advokaten søke salær på vegner av deg. I slike tilfelle er det advokaten som betalar ut salæret du skal ha for tolkeoppdraget. 

/////Uferdig tekst, må kontrollerast

Rettshjelpskalkulatoren gir ei førebels berekning av om søkaren fyller dei økonomiske vilkåra, og kva eigenandelsprosent søkaren kan forvente.

Rettshjelpskalkulatoren ligg både innanfor og utanfor innlogging. Viss du loggar inn i portalen med organisasjonsnummeret ditt, vil kalkulatoren forsøke å innhente økonomiske opplysingar om søkaren og partnaren til søkaren frå Skatteetaten og Folkeregisteret.

Viss du brukar rettshjelpskalkulatoren utan å logge inn, må du sjølv legge inn opplysingane kalkulatoren treng.

Viss det er endringar i økonomien til søkaren, må du korrigere opplysingane i skjemaet. Det same gjeld viss det er endringar i økonomien til ektefella eller sambuaren til søkaren. 

Endringar i økomien må dokumenterast ved at du lastar opp /////

Starta advokatoppdraget før 15. oktober 2025?

Dersom advokatoppdraget starta før 15. oktober 2025, skal du framleis bruke rettsrad.no. For saker som starta før denne datoen, gjeld dei økonomiske vilkåra og ordninga for eigenandel slik reglane var fram til 15. oktober.

Du finn meir informasjon i Rundskriv om fri rettshjelp på sivilrett.no.

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.