Rovvilt og beitedyr

Oppdatert 8. mai kl. 12:52

Som bonde kan du søkje om erstatning dersom rovvilt gjer skade på dyra dine. Du kan også søkje Statsforvaltaren om tilskot til førebyggande og konfliktdempande tiltak mot rovviltskader.

Mogleg rovviltskade?

Ved funn av skadde eller døde husdyr der du mistenkjer rovviltskade, skal du straks melde frå til rovviltkontakten hos Statens naturoppsyn (SNO), som undersøkjer kadaver og dokumenterer rovviltskade.

Jobbar du med viltforvaltning?

Regionale rovviltnemndar

Skadefelling av rovvilt

Dersom rovvilt skader eller drep husdyr, kan Statsforvalteren gi løyve til skadefelling av freda rovvilt. Det kan skje etter søknad frå deg eller etter initiativ fra oss.

Skadefelling kan berre brukast når andre tiltak ikkje er nok til å hindre vidare tap. Vi kan gi løyve til skadefelling perioden 1. juni–15. februar, og innanfor fastsette kvotar.

I vurderinga legg vi mellom anna vekt på omfanget av skadene, risiko for nye tap, beitebruken i området og om det er mogleg å gjere førebyggende tiltak. Skadefelling skal rettast mot bestemte dyr og vere tids- og områdeavgrensa.

Der det er kommunale skadefellingslag, vil desse normalt bli brukt.

Slik søkjer du om erstatning for tapte dyr

1

Søknadsfristar

Du må sende søknad, sjølv om Statens naturoppsyn (SNO) har vore på staden.
Søknadsfristen er:

1. november for sau
1. april for tamrein

Det er ditt ansvar å søkje innan fristen.

2

Dette skal med i søknaden

  • kart som viser kvar dyra dine beiter i beitesesongen
  • oversikt over besetninga, med opplysningar om tapte, skadde og sjuke dyr
  • fordeling av tapet på rovviltart, slik du sjølv vurderer det
  • rett sone for distriktstilskot (sjå kart hos NIBIO)
  • tilsynslogg, dersom du har det
3

Digital søknad

Send søknaden til Miljødirektoratets søknadssenter.

Du må registrere deg med enkle personopplysningar og får tilsendt eit passord via e-post.

Tilskot til førebyggande tiltak

Tilskotsordninga skal bidra til å førebygge rovviltskader på husdyr og tamrein. Ordninga skal også bidra til å dempe konfliktar og avgrense ulemper knytt til rovvilt.

Ta kontakt med oss om du har spørsmål om ulike tiltak eller om søknadsprosessen. Dersom du har behov for å søkje om tilskot til akutte førebyggande tiltak, skal dette på førehand vere avtala med Statsforvalteren.

Tilskot til konfliktdempande tiltak

Målgruppa for tilskotet er personar, kommunar og lokalsamfunn som ønskjer å gjere tiltak som kan bidra til å auke kunnskapen om rovdyr og rovdyrforvaltning, og dessutan dempe konfliktar og ulemper knytt til rovvilt.

Lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar og forskningsinstitusjonar kan også søkje om tilskot. Tiltak i kommunar skal gjere lokalsamfunn med rovdyr, særlig ulv og bjørn, i betre stand til å håndtere konfliktar som desse artane kan føre til. Tiltak rettet mot barn og ungdom blir prioritert.

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.