Regionalt miljøtilskot

Oppdatert 10. juli kl. 12:33

Regionale miljøtilskot (RMP-tilskot) skal stimulere deg som er bonde til å gjere tiltak for å avgrense forureining og fremje kulturlandskapsverdiar. 

Slik søkjer du

  • Kontroller at du har tilgang til Altinn i god tid før søknadsfristen.
  • Set deg inn i vilkåra for ordningane du vil søkje på.
  • Du finn informasjon om tilskuddsordningar og vilkår i den regionale rettleiaren, regional forskrift og på nettstaden til Landbruksdirektoratet
  • Du kan søkje frå 15. september, sjå lenke til skjema.
  • Når kommunen har motteke søknaden din, får du kvittering i meldingsboksen i Altinn.
  • Hugs at du kan kopiere opplysningar frå førre søknadsomgang over i ny søknad.
  • OBS! Når du loggar inn i registreringsskjemaet er alle undereiningar synlege. Pass på at du vel rett føretak, og ikkje ei undereining. Dersom du ved ein fel vel ei underliggande eining, må du logge ut, lukke nettlesaren og prøve på nytt.
  • Du kan endre kontonummer ved å logge deg inn via Altinn.
  • 15. september - søknadsomgangen opnar
  • 15. oktober - søknadsfrist for regionale miljøtilskudd
  • 15. november - søknadsfrist for drift av beitelag   

Dersom du leverer søknad om regionalt miljøtilskot etter søknadsfristen 15. oktober, eller du søkjer om tilskot til drift av beitelag etter 15. november, blir tilskotet avkorta med 1000 kroner per dag inntil 14 dagar etter at søknadsfristen gjekk ut.

Søknader som blir sende meir enn 14 dagar etter fristen, blir avviste. Skal du levere søknaden meir enn 14 dagar etter fristen, treng du dispensasjon. Dersom du skal søkje om RMP-tilskot for areal som ligg i eit anna fylke enn der driftssenteret ditt ligg, må du søkje i det fylket der arealet ligg. 

Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon og beitelag som er godkjende av kommunen og som er registrerte i Einingsregisteret, kan søkje om tilskot. Det er den som disponerer arealet i søknadsåret, som har rett på tilskotet. Tilskotet blir betaltt ut til føretaket eller beitelaget som sende inn søknaden. 

Svar på søknaden får du i form av eit utbetalingsbrev som viser kva du har fått tilskot til. Brevet kjem litt før eller samstundes med utbetalinga frå Landbruksdirektoratet. Dette skjer i mars året etter at du har søkt. 

Kommunen, Statsforvaltaren eller Landbruksdirektoratet kan kontrollere opplysningane du har gitt i søknaden om regionalt miljøtilskudd. Du må vere budd på at du kan bli kontakta og beden om å dokumentere opplysningane du har gitt i søknaden.

I kvar søknadsomgang skal kommunen kontrollere minst 5 prosent av søknadene om regionalt miljøtilskot. Kontrollen blir vanlegvis gjort i form av ei synfaring hos føretaket. I denne synfaringa kan areal bli oppmålte, dyr talde osv.  Dersom du har gitt feil opplysningar i søknaden , kan det føre til at du får ei avkorting av tilskotet. 

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.