Slik søkjer du
Du må søkje om tilgang til Partiportalen før du kan søkje om statstilskot på vegner av eit parti.
Kven kan søkje?
Vi behandlar søknader om statstilskot frå kommune- og fylkesparti, ungdomsparti på fylkesnivå, og felleslister som er sett saman av to eller fleire registrerte politiske parti.
For å bli rekna som eit registert politisk parti, må partinamnet vere registrert i Partiregisteret, som er forvalta av Brønnøysundregistra. Eit partilag på kommune- eller fylkesnivå, blir rekna som eit registrert politisk parti dersom morpartiet er registrert i Partiregisteret.
Alle registrerte politiske parti, inkludert ungdomsorganisasjonar på fylkes- og landsnivå, kan søkje om statstilskot. Du som er ansvarleg eller kontaktperson for eit parti, kan søkje om partistøtte på vegner av partiet ditt.
Det er nok å søkje ein gong per valperiode, men partiet må stadfeste partiopplysningane kvart år. Dette gjer du inne i partiportalen.