Før du søkjer
Ein av dykk opprettar søknaden og sender han digitalt til den andre parten. Du kan også velje å sende søknaden direkte til Statsforvaltaren.
Du treng to vitne som kan stadfeste at de har budd frå kvarandre i minst eitt år.
- Vitna signerer digitalt via ei lenke dei får frå oss. Du må kjenne fødselsdatoen og e‑postadressa til vitna før du begynner å fylle ut den digitale søknaden.
- Alternativt kan du be vitna fylle ut vitneerklæringa på papir. Du lastar då opp ei skanna og signert vitneerklæring i det digitale skjemaet.
Vitneerklæring (nynorsk) (pdf)
Vitneerklæring (bokmål) (pdf)
Logg inn med ID-porten for å kome til søknadsskjemaet.
Vi erfarer at enkelte brukarar har vanskar med å logge inn i skjemaet. Dersom dette gjeld deg, ber vi deg prøve igjen seinare. Hvis du framleis har problem, ber vi deg kontakte teknisk brukerstøtte (Statsforvalterens fellestjenester).
Du må ha norsk fødselsnummer og BankID for å søke digitalt. Manglar du dette, må du søke på papir. Du finn papirskjema hos Statens blankettarkiv.
Kva skjer etter at søknaden er sendt?
Når søknaden kjem til oss, får du ein e‑post med informasjon. I e‑posten ligg det ei lenke til vitneadministrering der du kan logge inn for å sjå om vitna har signert. Her kan du òg velje å korrigere eller byte vitne.
Dersom du har valt å sende søknaden via ektefellen, vil den andre parten få søknaden til godkjenning, og må logge inn og godkjenne søknaden digitalt.
Vi behandlar saka, og viss alt er korrekt, får du ei skilsmissebevilling. Skilsmissebevillinga er det offisielle dokumentet som stadfestar at du er skild. Når du har fått skilsmisseløyve, blir det sendt melding til Folkeregisteret om endring av sivilstatus.
Skatteetaten har meir informasjon til deg som skal separerast eller skiljast. Her finn du også råd om økonomiske og praktiske forhold.