Les meir om framtidsfullmakt
Ei framtidsfullmakt kan vere eit alternativ eller eit supplement til vergemål. Det er nokre absolutte krav til ei framtidsfullmakt, men elles står du ganske fritt til å bestemme kva du vil regulere i ei framtidsfullmakt. Det finst derfor ikkje ein mal eller eit skjema som kan passe for alle. Du får gode råd om korleis du kan skrive ei framtidsfullmakt på nettstaden til Sivilrettsforvaltninga.