Tilskot
Natur- og miljøvern

Natursats: Her kan kommunen søkje om tilskot for naturtiltak

Publisert 29. juni kl. 10:06

Kommunane har ei viktig rolle i å ta vare på naturen rundt oss. Gjennom planlegging og konkrete tiltak kan ein både stoppe tap av natur og sikre gode leveområde for plantar og dyr.

Med Natursats kan kommunen få støtte til nettopp dette arbeidet.


Søknadsfrist
15. januar 2027
Kven kan søke
Kommuner og Fylkeskommuner
Ansvarleg etat
Miljødirektoratet
Rapporteringsfrist
13. september 2027

Kva er Natursats?

Natursats er ei tilskotsordning som skal hjelpe kommunar med å:

  • Ta vare på naturmangfald
  • Redusere tap av natur
  • Få betre kunnskap om eigne naturverdiar

Bakgrunnen er at endringar i arealbruk, forureining og klimaendringar er blant dei største truslane mot naturen i dag.

Kven kan søkje?

Natursats er retta mot kommunar og fylkeskommunar. Alle andre kan søke gjennom anna ordning: "Tilskot til tiltak for å ta vare på natur".

Kva kan de få støtte til?

Natursats gir støtte til fleire typar arbeid. Her er nokre døme:

  • Planlegging og kunnskap
  • Lage kommunedelplan for naturmangfald
  • Oppdatere eller revidere eksisterande planar
  • Kartleggje natur og samle kunnskap
  • Gjennomgang av planar
  • Gå gjennom eldre arealplanar (såkalla «planvask»)
  • Justere planar for å ta betre vare på natur
  • Konkrete tiltak
  • Praktiske tiltak for å betre naturtilstanden
  • Informasjon og formidling
  • Forprosjekt og planlegging
  • Arealnøytralitet
  • Tiltak som hindrar netto tap av natur
  • Tilbakeføre natur som er bygd ned andre stader

Kvifor er dette nyttig?

Med Natursats kan kommunen:

  • få betre oversikt over eigen natur
  • ta betre avgjerder i arealplanlegging
  • balansere utbygging og naturomsyn
  • Dette gir meir føreseieleg for både innbyggjarar, grunneigarar og utbyggjarar.

Søknadsfrist

Fristen for å søkje er 15. januar kvart år, så det løner seg å starte tidleg. 

Slik søkjer du

Du finn informasjon og søknadsskjema i Miljødirektoratet sitt søknadssenter.