Tilskot
Landbruksføretak
Natur og friluftsliv

Vil du gjøre en innsats for naturen? Her kan du søke tilskudd

Publisert 29. juni kl. 09:44

Har du ein idé eller eit prosjekt som kan bidra til å ta vare på naturen? Gjennom Tilskudd til tiltak for å ivareta natur kan ein søkje om støtte. Ordninga skal bidra til å ta vare på trua artar og naturtypar, verdifulle kulturlandskap, pollinerande insekt og redusere påverknaden frå framande artar.


Søknadsfrist
15. januar 2027
Kven kan søke
Alle
Ansvarleg etat
Statsforvalteren og Miljødirektoratet
Rapporteringsfrist
15. november 2027

Kva er tilskot til tiltak for å ta vare på naturen?

Frå 2025 vart fleire tidlegare tilskotsordningar samla i éi felles ordning for tiltak som skal ta vare på naturmangfaldet i Noreg.

Tilskotsordninga skal bidra til å:

  • bevare trua artar og naturtypar
  • ta vare på verdifulle kulturlandskap
  • styrkje leveområde for pollinerande insekt
  • hindre negativ påverknad frå framande artar

Sjå temakart-rogaland for oversikt over område som er definerte som verdifulle kulturlandskap.

Kven kan søkje?

Alle kan søkje:

  • privatpersonar
  • lag og organisasjonar
  • bedrifter og institusjonar

Du treng altså ikkje vere fagperson for å bidra. Gode tiltak kan komme frå mange hald.

Kommunar og fylkeskommunar skal søkje gjennom den eigne tilskotsordninga Natursats.

Kva kan du få støtte til?

Du kan søkje om tilskot til mange ulike typar tiltak, til dømes:

  • skjøtsel og restaurering av natur
  • etablering av blomsterenger og leveområde for pollinatorar
  • bekjemping av framande artar
  • tiltak for enkeltartar, som frøinnsamling eller utsetjing
  • kartlegging og overvaking i samband med tiltak
  • informasjon og formidling
  • tiltak i landbruket som styrkjer det biologiske mangfaldet

Kort sagt: Tiltak som bidreg til å ta vare på eller betre tilstanden i naturen.

Når er søknadsfristen?

Søknadsfristen er 15. januar kvart år, så det lønner seg å starte planlegginga tidleg.

Klar til å søkje?

Du søkjer digitalt gjennom Miljødirektoratet sitt søknadssenter. Søknaden blir behandla av Statsforvaltaren.

👉 Gå til søknadssida og les meir

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Håvard Anda Hageberg
rådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland
Tage A T Eriksen
fagleder natur, Statsforvaltaren i Rogaland