Kvotejakt på gaupe i rovviltregion 2 startar 1. februar. Frå jaktstart er det tildelt ein kvote på 28 gauper som er fordelte på fire jaktområde i regionen.
27.01.2021
Statsforvaltaren har sendt tilråding til Miljødirektoratet om frivillig vern av seks område i vårt fylke. Eit av områda gjeld utviding av eksisterande naturreservat.
22.01.2021
Statnett SF har fått løyve til å mudre og fylle ut for å etablere kai ved Borgestad næringsområde i Skien kommune.
21.01.2021
Statsforvaltaren har vedteke å gi Ragn-Sells AS avd. Porsgrunn løyve til verksemd etter forureiningslova på visse vilkår.
15.01.2021
Miljødirektoratet gir i ny rettleiar råd om korleis vi kan ta vare på verdifull natur i kommunal planlegging.
13.01.2021
Statsforvaltaren gjennomførte eit tilsyn hos Ragn-Sells på Skjerkøya i september 2020. Ved bruk av undervatnsdrone vart det avdekt store mengder dekklipp på sjøbotnen utanfor anlegget.
Framande artar kan vera ein stor trussel mot naturmangfaldet i Noreg. Frå 1. januar 2021 blir det forbode å innføre, omsetje og setje ut ni planteartar, blant anna gullregn og alaskakornell.
04.01.2021
Eit annleis år går mot slutten. Det er når utfordringane er som størst eit samfunn viser dei beste sidene sine. Eller verste. Dette året har vi i Vestfold og Telemark vist dei beste sidene våre. Vi har vist at vi duger når det blir kravd. Vi har grunn til å vera stolte. No skal vi halda fram til viruset er nedkjempa.
21.12.2020
Drangedal kommune har fått løyve til utslepp av kommunalt avløpsvatn og overvatn frå Prestestranda avløpsanlegg i Prestestranda tettbygd område og tilhøyrande avløpsnett.
15.12.2020
Regjeringa verna 27. november 28 skogområde i sju fylke. Verneprosenten ligg nå på 5,1 %.
30.11.2020