Konferansen vil ta føre seg folkehelse, bustad, planlegging og tenester, og kva dette krev av kommunal omstilling og samarbeid på tvers av sektorar.
Med konferansen vil vi setje søkjelys på korleis kommunane kan legge til rette for at fleire kan bu trygt heime – lenger og betre. Gjennom faglege innlegg, verktøy og konkrete døme får de innsikt i kva som verkar, og kva som må til for å gå frå plan til praksis.
Målet er at vi reiser heim med både felles forståing og konkrete verktøy, som kan takast vidare i eige arbeid.
Program, meir praktisk informasjon om konferansen og moglegheit for påmelding finn du på heimesida til Husbanken: Bergen: Bu trygt heime-konferanse - Husbanken