Søk

Filtrer
Privatperson
Kommune og tenesteaktør
Næring/organisasjon
Viser 1-10 av 410 treff.
Nyheit
Landbruksføretak

Ein hard vinter for skogen i Vestland

16. oktober

Det har vore ein kald vinter med lite snø på Vestlandet. Ut over våren og sommaren har vi sett ulike klimatiske skader på både forynging og på vaksen skog.

Nyheit
Samfunns- og arealplanlegging

Motsegner til kommuneplanen for Bergen

15. oktober

Statsforvaltaren i Vestland har fleire motsegner til framlegget om revisjon av kommuneplanens arealdel for Bergen kommune.

Nyheit
Samfunns- og arealplanlegging

Oppdatert strandsonerettleiar

15. oktober

Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune har oppdatert den digitale strandsonerettleiaren for Vestland fylke. Denne vart publisert i slutten av september.

Nyheit
Barnehage og skule – for eigarar og tilsette

Eksamen i sikker nettlesar

13. oktober

Frå våren 2027 skal elevar i grunnskulen og deltakarar i førebuande opplæring for vaksne gjennomføre sentralt gitt eksamen i norsk og engelsk i sikker nettlesar. Kommunar og skular bør alt no gjere seg kjende med krava og førebu nødvendig teknisk tilrettelegging.

Nyheit
Landbruksføretak

Nye øko-tal frå Vestland

12. oktober

Ti prosent-målet for øko-areala i Vestland er eit stykke unna, men ikkje for alle produksjonar. Vi har sett på utviklinga for økologisk frukt, bær og grønsaker, kumjølk og korn i Vestland.

Nyheit
Landbruk for kommunen

Innmarksbeite som spreieareal og biologisk mangfald

8. oktober

Det nye gjødselregelverket har gjeve mange kommunar i Vestland eit omfattande arbeid med å godkjenne innmarksbeite som spreieareal for gjødsel. 

Kurs og konferanse
Kommunal forvaltning

Webinar for barnehagemyndigheita om barnehagelova kapittel 8

8. oktober

Vi inviterer til webinar om korleis den kommunale barnehagemyndigheita kan bidra til å sikre eit trygt og godt barnehagemiljø for alle barn i kommunen.

Nyheit
Kommuneøkonomi

Fordeling av skjønnsmidlar i statsbudsjettet 2027

7. oktober

Skjønnsmidlar til kommunane skal fange opp lokale forhold som det ikkje blir teke omsyn til i inntektssystemet eller gjennom andre ordningar. Statsforvaltaren gjer ei heilskapleg vurdering av økonomien til kommunane når vi fordeler den tildelte ramma til Vestland.

Nyheit
Kommuneøkonomi

Statsbudsjettet 2027

7. oktober

Regjeringa Støre har idag lagt fram forslag til Statsbudsjettet for 2027. Veksten i frie inntekter for kommunesektoren samla er berekna til 3,2 mrd. kroner. Kommunane sin del av dette utgjer 2,6 mrd. kroner, medan fylkeskommunane får ein vekst på 0,6 mrd. kroner.

 

Kurs og konferanse
Barnehage og skule – for eigarar og tilsette

Webinar om fritak frå vurdering med karakter i framandspråk

7. oktober

I webinaret går vi gjennom regelverket og sentrale avklaringar frå Utdanningsdirektoratet.