Kurs og konferanse
Barnehage og skule – for eigarar og tilsette

Informasjonsmøte - Grunnskulens informasjonssystem (GSI)

Publisert 17. september kl. 13:18

I samband med årets GSI-rapportering inviterer Statsforvaltaren til eit digitalt informasjonsmøte onsdag 30. september.


Dato
30. september kl. 14:00–15:00
Stad
Digitalt, Teams
Arrangør
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe
Rektorar i private grunnskular, kulturskulen, vaksenopplæringa og grunnskulen, samt skuleeigar og andre i kommuneadministrasjonen som har oppgåver knytte til GSI-rapporteringa.

I samlinga går vi gjennom praktiske forhold knytte til årets rapportering, mellom anna tilgangsstyring, unntakslister og fristar.

Vi ser også på skjemaflyt, godkjenning og kvalitetskontroll, og går gjennom rapporteringsområde som er nye i år.

Samlinga blir gjennomført digitalt i Teams og varer i om lag éin time.

Målgruppa er rektorar i private grunnskular, kulturskulen, vaksenopplæringa og grunnskulen, samt skuleeigar og andre i kommuneadministrasjonen som har oppgåver knytte til GSI-rapporteringa. 

Det er mogleg å sende inn spørsmål både før og etter samlinga.

Du kan melde deg på samlinga her. 

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Per Sindre Thoresen Aaland
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland