Kurs og konferanse
Helse- og omsorgstenester

Samling for kommuneoverlegar i Vestland

Publisert i går kl. 15:13

Statsforvaltaren inviterer kommuneoverlegar, andre legar i samfunnsmedisinsk arbeid og legar i samfunnsmedisinske rettleiingsgrupper til samling i Førde.


Dato
24. september kl. 11:30 – 25. september kl. 13:30
Stad
Scandic Sunnfjord Hotel Førde
Arrangør
Statsforvaltaren i Vestland

Om samlinga

Samlinga er ein viktig møtestad for samfunnsmedisinarane i fylket.

Program kjem seinare.

Praktisk informasjon

Statsforvaltaren dekker dagpakke og felles middag. Dersom du treng overnatting, brukar du koden du har fått tilsendt frå Statsforvaltaren i Vestland og bestiller overnattinga på hotellets heimeside.  

Påmeldinga er bindande, og ved manglande oppmøte utan avbestilling må du sjølv dekke utgiftene til dagpakke.

Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at vi deler informasjonen din med hotellet. Les meir om personvern under "Lenkjer".

Påmelding

Påmeldingsfristen er 24. august. Dersom du ikkje har fått meldt deg på samlinga, send ein e-post til Lise Kvam. Du finn kontaktinformasjonen under "kontakt oss". 

 

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Lise Kvam
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland
Rebekka Helle
assisterande fylkeslege, Statsforvaltaren i Vestland
Linda Svori
seksjonssjef, Statsforvaltaren i Vestland