Kurs og konferanse
Barnehage og skule – for eigarar og tilsette

Webinar om fritak frå vurdering med karakter i framandspråk

Publisert 7. oktober kl. 09:01

I webinaret går vi gjennom regelverket og sentrale avklaringar frå Utdanningsdirektoratet. 


Dato
26. oktober kl. 14:45–15:15
Stad
Teams
Arrangør
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe
Rektorar, faglærarar i framandspråk og rådgivarar i vidaregåande opplæring, både i offentlege og private vidaregåande skular. Andre som arbeider med saker om fritak, kan òg delta.

Vi ser nærare på vilkåra for fritak, kva dokumentasjon som må liggje føre, sakshandsamingsreglane og framgangsmåten ved behandling av søknader.

Webinaret er særleg retta mot rektorar, faglærarar i framandspråk og rådgivarar i vidaregåande opplæring, både i offentlege og private vidaregåande skular. Andre som arbeider med saker om fritak, kan òg delta.

Meld deg på ved å følje lenka til høgre.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Sofie Førlie
rådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland