Kurs og konferanse
Barnevern for tilsette og leiarar
Helse- og omsorgstenester
Integrering og busetting
...

Digitalt basiskurs i økonomisk rådgjeving

Publisert 1. oktober kl. 15:31
|
Oppdatert 7. oktober kl. 10:04

Målet med kurset er å gje deltakarane kunnskap om tenesta økonomisk rådgjeving, og om å idetifisere økonomiske bekymringar og hjelpe personar vidare til Nav.


Dato
5. november kl. 09:00–11:15
Stad
Teams
Arrangør
Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe
Tilsette i Nav og i tenester som samhandlar med Nav

Kva inneheld dette kurset?

Du får grunnleggande kunnskap om å:

  • oppdage og førebygge økonomiske problem
  • gi enkel økonomisk råd og rettleiing
  • vite når og korleis du bør hjelpe personar vidare til forsterka økonomisk rådgjeving

Korleis melder du deg på?

Ved at du melder deg på dette kurset, samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i Teams-møtet. Les meir om nettryggleik og personvern under «Lenkjer». 

Du melder deg på innan 3. november ved å fylle ut vårt digitale påmeldingsskjema.

Korleis deltek du på kurset?

Alle som melder seg på, får tilsendt møtelenke til kurset i løpet av den siste arbeidsdagen før kurset.

Program

09.00 Velkommen

09.05 - 10.00 Pengane og livet: Betydninga av økonomisk rådgjeving, ved Statsforvaltaren.

10.00 - 10.15 Pause.

10.15 - 11.00 Økonomi og gjeld - korleis kan vi hjelpe? Ved Wenche Sundhordvik, Nav Eiganes og Tasta.

11.00 - 11.15 Oppsummering og avslutning, ved Statsforvaltaren.

Vi tek atthald om endringar.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Siri Margrethe Andersen
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland
Lise Granum
seniorrådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland