Kurs og konferanse
Helse- og omsorgstenester

Læringsnettverk for arbeid med pårørande i Vestland Nord

Publisert 5. oktober kl. 08:58

Saman med Kompetansesenter for rusfeltet (KORUS), inviterer vi til årets andre samling i læringsnettverket i Sogndal. 


Dato
10. november kl. 10:00–15:00
Stad
Frivilligsentralen i Sogndal, Fjørevegen 16
Arrangør
KORUS Bergen og Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe
tilsette i Nav sosialteneste og avdeling for psykisk helse og rus i kommunane i Vestland, men kan og vere aktuelt for andre som jobbar med psykisk helse og rus, til dømes i barnevernstenesta og på helsestasjon.

Om læringsnettverket

Nettverket legg opp til auka kompetanse om involvering frå pårørande, dele og drøfte erfaringar og korleis vi kan sikre god praksis der vi nyttar nasjonale retningslinjer som rettesnor.

Det vert  innlegg om aktuelle tema, i tillegg til praktiske oppgåver, erfaringsutveksling og drøftingar.  

Påmelding

Meir informasjon om samlinga og påmelding finn du på heimesida til KORUS.

Påmeldingsfrist

Påmeldingsfristen er 4. november

Kontaktperson
Mona Fauskanger