Formålet med samlinga
Målet med samlinga er å gjere kommunane betre rusta til å gå frå kunnskap og planar til prioritering og gjennomføring av konkrete restaureringstiltak.
Vi ønskjer ei praktisk og erfaringsbasert samling, med faglege innlegg, konkrete døme frå kommunane, samtalar og arbeidsøkter. Vi skal mellom anna sjå nærare på korleis kommunane kan:
- identifisere og prioritere aktuelle område for naturrestaurering
- gå frå kartlegging og planlegging til konkrete tiltak
- finne fram til aktuelle verkemiddel og finansieringsordningar
- organisere og gjennomføre restaureringsprosjekt i praksis
- lære av erfaringar frå andre kommunar og dele kunnskap på tvers
Målet er at deltakarane skal reise heim med ny kunnskap, nyttige kontaktar og konkrete idear som kan takast vidare i eigen kommune.
Praktisk informasjon
Samlinga startar med lunsj onsdag 11. november og blir avslutta med lunsj torsdag 12. november.
Statsforvaltaren dekkjer deltaking, alle måltid og overnatting på Scandic Voss frå 11. til 12. november. Reise til og frå Voss må den enkelte kommune dekkje sjølv.
Programmet er under utvikling og blir oppdatert fram mot samlinga.
Kven passar samlinga for?
Vi håpar på deltaking både frå kommunar som allereie har erfaring med naturrestaurering, og frå kommunar som er i startfasen. Har kommunen eit prosjekt eller erfaringar de gjerne vil dele med andre, ønskjer vi òg å høyre frå dykk.
Påmeldingsfrist: 30. september 2026.
Velkomen til Voss!