Kurs og konferanse
Barnehage og skule – for eigarar og tilsette

Trygge leiarar i skulen - fagdag i Førde

Publisert 21. august kl. 12:29
|
Oppdatert 21. august kl. 12:31

Fagdag om mellomleiaren si rolle i førebygging og handtering av mobbing


Dato
24. november kl. 10:00–16:00
Stad
Sunnfjordssalen i Førde
Arrangør
Statsforvaltaren i Vestland, RKBU Vest, RVTS Vest og mobbeomboda i Vestland
Målgruppe
Skuleleiarar

Statsforvaltaren i Vestland arrangerer, saman med RKBU Vest, RVTS Vest og mobbeomboda i Vestland, to fagdagar for skuleleiarar hausten 2026. Fagdagane skal gi deg som leiar auka kompetanse og tryggleik i saker som handlar om elevane sitt skulemiljø.

Det er mogleg å velje mellom to datoar, på to ulike lokasjonar: 17. november på Vestlandshuset i Bergen eller 24. november i Sunnfjordssalen i Førde. I etterkant av fagdagane blir det arrangert ein digital workshop 4. februar 2027.

Deltaking på fagdagen er gratis. Du finn meir info om innhald og påmelding ved å følgje denne lenka: Trygge ledere - fagdag om mellomlederens rolle i forebygging og håndtering av mobbing

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Geir Erland
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland